Roman

Forfattar: Ingvild Solstad-Nøis

Oktober: Oktober

Hovudpersonen Eva vitjar mor si for første gong etter gravferda til faren. Systera Grete kjem også, saman med mannen sin, Erling, og dei to barna. Tilsynelatande finn mora og Grete tonen raskt, medan Eva kjenner seg meir og meir utanfor. Sjølv om faren er borte, spøker han i bakgrunnen. I snikkarbua til faren finn Eva ein konvolutt med foto han har teke av kona si – naken. Fotografia fungerer etter kvart som katalysator – familieidyllen sprekk. Konsekvensane er store.

Debutboka til Solstad-Nøis er ein innsiktsfull relasjonsroman om indre spenningar, ikkje minst søskensjalusi, i ein familie som har mist eit sentralt medlem. Kvardagssamtalane blir farlege minefelt. Sorgreaksjonane til dei tre kvinnene er ulik, løgn og forteiingar ulmar under overflata som blindgjengarar. Skreiv ikkje André Bjerke ein gong om veninneforhold: «Ikke hånd i hånd, men klo i klo»? I alle fall passar orda godt om det sosialpsykologiske spelet mellom dei tre kvinnene. Namna Eva og Grete er velvalde, det første betyr den som lever / pustar, det andre perle. Grete er ei «perle» som sprekk, Eva er den som stikk hol på den tilsynelatande idyllen. Språket flyt greitt, utan å glitre. Alt i alt fortel «Jeg trodde det skulle bli fint å komme hit» om ein lovande debutant.