Forfatter: Øyvind Egeland

Sjanger: Roman

Forlag: Oktober

Kanskje heiter han Ola , hovudpersonen i debutromanen til Øyvind Egeland. I alle fall står det «Ola Taparland» på plassen hans når det er klassefest for åttandeklassen.

«Mørk dans» er ei av dei mørkaste og dystraste bøker eg har lese. Vi følgjer hovudpersonen frå han som treåring måtte magepumpast, med funn som masse maur, masse sigarettsneipar, ei marihøne og ei furukongle — for å ha nemnt noko - fram til mot slutten av tenåra. Han har det forferdeleg heime og om muleg endå verre på skulen. På ein måte flyktar guten og tenåringen frå realitetane og ut i naturen og litteraturen. Han finn seg fristader i skogen i Groruddalen, og i bøker av Vesaas og Fønhus. Han møter dyr, ser på orreleik. Naturskildringane er vakre og sanselege, men heller ikkje ute i villmarka kan han flykte frå blandinga av redsle, einsemd og noko udefinerbart sårt og potensielt farleg.

Ja, for meg står tenåringen fram som ein blindgjengar, ei livsfarleg bombe som ikkje har detonert. Ute i skogen finn han eit pornoblad som han brukar slik gutar i tenåra gjer. Nei forresten, ikkje heilt. Også det erotiske dirrar av eit slags undertrykt raseri, for ikkje å seie hat. Mindre uhyggeleg blir det ikkje når han undersøker ei grotte der han har høyrt at ein mann heldt til ei tid før han hengde seg på Ravnekollen. Er det eit lys i tunnelen? Tja, les og døm sjølv!

MØRK DANS.jpg