BOK

Glemselens gate

Forfattar: Bror Hagemann

Roman

Forlag: Gyldendal

Like før jul 1988 blir Torgeir Flaa, lite ivrig student, oppsøkt av ein kvinneleg, meksikansk student, Martina, som seier at ho skriv ei avhandling om den spanske borgarkrigen på 1930— talet, der bestefaren hans - med same namn - deltok.

Unge Torgeir vegrar seg, men let seg overtale, og etter to-tre døgn med saltstenger og whisky ser verda annleis ut for dei to. Vi får i mellomtida rulla opp historia om bestefaren, som vaks opp med ein brutal stefar, blei mobba og banka opp, som kom seg til sjøs - og blei soldat i dei internasjonale brigadane i Spania, der han skal ha gjort ein heroisk innsats.

Forventningane til ein forfattar som for to år sidan gav ut den heilstøypte romanen De blyges hus, vil vere høge, og - rett ut sagt - Glemselens gate ligg ikkje på same nivået. Det er ein god roman; skildringa av den grufulle terroren, dei redselsfulle myrderia, kaoset, meiningsløysa - dette er nært og sterkt. Vi kjem tilsynelatande også under huda på dei tre hovudpersonane: Torgeir-ane og Martina.

Men - det er noko som skurrar. Eit av dei sentrale, litterære hovudgrepa til Hagemann er å trekke parallellar til 1980-talet, og la dei to Torgeir-ane flyte saman. Det vert hakkete og uklårt. Helten Torgeir blir avkledd og misser mykje av glorien. OK, men den dialogforma store delar av romanen har, verkar på meg stakkato, iblant direkte klossete.

Bjarne Tveiten