Kulturdepartementet skriver følgende om behovet for kulturbygg i årene som kommer i stortingsmelding 22, side 139:« Det har utvikla seg eit akkumulert behov for auka kulturbygginvesteringar. Løyvingane har vore små i ei årrekke, og innslaget av store kulturbygg har vore særs lite i lang tid. Dei statlege investeringane til kulturbygg i 1990-åra har utgjort ca. 0,4 prosent av utgiftene i statsbudsjettet til investeringar. Ei rad store prosjekt er urealiserte og vil med noverande løyvingsnivå ikkje lata seg gjennomføra i oversynlig framtid.Frå og med budsjetterminane 2003 og 2004 vil operabygget krevja store løyvingar. Dei mellomligjande åra bør nyttast til byggjetiltak som alt no er overmogne, og som risikerer ytterlegare lang utsetjing i kjølvatnet av løyvningsbehova for operaprosjektet. (..)