Tredje romanen til Johan B. Mjønes handlar om den unge, kvinnelege indianaren Mary og den jamgamle halvindianaren Russel. Som småbarn budde dei saman i ein periode, og knytte sterke band. Dottera til åleinemora Mary døyr fire år gamal. Idrettstalentet Russel misser collegestipendet sitt etter ein skade. Eit minoritetsstipend kan redde situasjonen, og han dreg på leiting etter den indianske faren sin. Samtidshistoria i romanen fortel om korleis dei to omsider finn kvarandre att — mest på vondt.

Spreidde utover i boka fortel Mjønes om sju bestialske overgrep på indianarane, det første i Karibia i 1493, dei siste i Sør-Dakota i 1890 og 1973 (Wounded Knee). I desse kapitla lar han overgriparane fortelje, og slik får han også fram korleis dei kvite, europeiske og kristne nybyggarane såg på indianarane. Det er rått, det er usminka - og godt.

Forteljinga om Mary og Russel, som fyller brorparten av romanen, synst eg ikkje er like god. Oppattakingane, eitt av dei sentrale, litterære grepa til Mjønes like sidan debuten (Terminalhastighet, 2009), synst eg her ofte verkar søkte og unaturlege. Dessutan, for ofte blir skildringane utflytande. Ei innstramming hadde, etter mi meining, gjort godt. Eg synst det er underleg at ikkje konsulentapparatet til Aschehoug har luka ut ein del av "langhalminnslaga" i boka.