Romanen startar med at ei gamal dame døyr — etter å ha fått ein ball i hovudet, eller? Ikkje lenge etterpå brenn huset til den vaksne sonen hennar ned, og sjølv blir han funnen i brønnen - saman med ei mengd eple som er kasta ned i vatnet. Odd har fylt brønnen med eple, og det er bestevenen hans, Per Tore, som trur at han drepe den gamle dama, og at det kviler ei forbanning over han. Det er ikkje berre dei to dødsfalla - andre ulykker følgjer han også, meiner han sjølv. Han stenger seg inne, isolerer seg, og mor til Odd bed han om å snakke med han. Odd er ikkje nokon A4-fjortenåring, han heller, så det blir ganske kjelkete. Særleg vanskeleg vert det etter at Odd har plassert fødselsdagsgåva til ein meir perifer ven, Terje, slik at han nesten druknar når han skal hente gåva. Dessutan er det snakk om ein UFO, nokre plystrejenter og ei veslesyster som vil vere med på alt!

Den som ikkje har gøymt seg no er ei forunderleg og finurleg bok om å vere gut, rundt 14 år gamal. Forfattaren legg inn solide porsjonar mystikk og underfundig - til tider grotesk -

humor. Eit par kapittelnamn fortel sitt: «Urfriminutt», «Ved kvite lår» og «Eplesynk» seier vel litt!

Forfattaren lagar eigne, pussige ord, og spelar i det heile på eitt breitt, litterært verkemiddelregister. Eg trur dette er ei bok som vil gå heim hos gutar frå 12 år og oppetter.

Bjarne Tveiten

BOK

Den som ikkje har gøymt seg no

Forfattar: Arnfinn Kolrud:

Ungdomsroman

Forlag: Det Norske Samlaget