BOKForfattar: Hermann Starheimsæter:Tittel: NORDVEGENRomanForlag: AschehougHovudpersonen i denne vel 480 siders romanen er nesten 50 år gamle Claus Hjelle. Han har hatt eit nervesamanbrot, men — idet han byrjar å skrive brev til psykologen sin, den 3. september 1998 - er han i betring. Breva til psykologen, der han skriv ned soga om seg sjølv frå han var liten gut og til han omtrent midt på 1990-talet kollapsar, utgjer det meste av boka. Men, og det er sentralt, parallelt med breva til psykologen held han også på med ein artikkel om soga til nynorsken og dei mennene som står sentralt i denne språkhistoria. At psykologen er av tysk ætt er også viktig, det er frå tysk at det norske språket har fått prefiksa -an og -be, og suffiksa -het og -else. Dei har ikkje akkurat vore populære hos fleirtalet av nynorskbrukarar. Breva til psykologen fortel breitt og grundig om oppvekst på Vestlandet, i eit grisgrendt område, litt etter midten av førre hundreåret. Det er soga om ein dominerande, sterk far, om redsle og forelsking, om meir eller mindre uttala mobbing, og om ein mage som i vanskelege situasjonar slår seg vrang. Det vert historia om sjølvforakt, om sterke, erotiske kjensler, og om religiøs oppvakning og lengt. I det kristne skulelaget blir han nesten fanga inn, men berre nesten. Han blir lærar, og kanskje verken stort betre eller verre enn mange andre. Ekteskapet han kastar seg inn i som ganske ung vert også stormfylt. Barn blir det og, etter heller lang tid. Berre ein ting til, etter nærast å ha fått sparken som lærar, blir han journalist i «Bygdi», ei lita nynorskavis som er prega av kulturkonservativisme, ikkje minst språkleg. Der utmerkar han seg mellom anna som ein kritisk bokmeldar. Det er ikkje tilfeldig at det klikkar for Claus Hjelle samtidig som avisa «Bygdi» går overende. Det er ikkje namnet hans heller, det betyr nærast «...sigrande folk». Og, i same slengen, Nordvegen er den første boka Starheimsæter skriv på bokmål. Legg dette saman, og romanen om Claus får ein interessant dobbeltbotn. Bilda han teiknar av Ivar Aasen, Olaus Fjørtoft og så vidare, er ikkje særleg flatterande. Nynorsken står, i alle fall delvis, fram som ein utløysande faktor når det brest for hovudpersonen. Med å skrive på bokmål, arbeider han seg ut av eigne traume. Nordvegen er eit ambisiøst prosjekt, der livssoga til hovudpersonen på siste halvdelen av 1900-talet på underleg vis vert infiltrert av den norske språksituasjonen generelt, og nynorsken spesielt. Det kan bli rabalder av slikt. Alt i alt er Nordvegen ein god roman. Claus Helle er sikkert teikna som menneske. Språket er stort sett greitt, utan at det glitrar. Eg har berre ei alvorleg innvending, romanen har vakse seg litt for stor. Ei innstramming hadde gjort seg, særleg i den første halvdelen av romanen.Bjarne Tveiten