BYKLE: At det blømer i folkemusikk-skogen skal ingen vere i tvil om. Hardingfela er ikkje berre for gamle menn. Ho er og for ungdom, både gutar og jenter. I Bykle i Setesdal er trettenåringen Tor Hoslemo i ferd med å spele seg inn blant dei store. I går kveld stod han på scenen i Spelstoga i Valle saman med folkemusikkens grand old man Hauk Buen. Med på konserten var og den kjende spelemannen Tore Bolstad. Tor Hoslemo er fullstendig klår over at det er ei ære å få spele med Hauk Buen, og det uttrykkjer han slik: — Det er dødens det. Kappleik-erfaring

Tor har spelt fele i snart fire år. Og han er drivande god. Han har vore med på fleire kappspel, mellom anna på landskappleiken i Eidfjord i fjor og på Røros i år. Han har vore med på Setesdalskappleiken, på Marknadskappleiken på Kongsberg, i Seljord og Bø og mange andre stader. Når Tor set seg til med fela merker ein at han har det rette laget, og det rette draget. Læremeistaren hans er Marton Laksesvela, ein jærbu som har busett seg på Rysstad og som er aktiv i spelemannslaget Knut Heddis Minne. Her lærer Tor både setesdalsspel, som Marton har etter Hallvard Bjørgum, og slåttar frå andre stader, til dømes frå Telemark. Meir dramatisk

— Setesdalstradisjonen er mykje meir dramatisk enn dei andre, og musikken er meir natur-inspirert. Spelet er lægre, og det skal ikkje vere heilt reint, seier den unge spelemannen når vi spør kva som skil setesdalsspel frå anna spel. Tor Hoslemo trivst på scenen. -Det er moroast å spile for aire, seier han på sitt klingande mål. Han er den einaste på Bykle skule som legg seg etter å tale setesdalsmål, og han er stolt av det. - Men eg tykkjer det er dumt at eg er den einaste, seier han.- Kvifor er det så viktig for deg med dialekt?- Tja, eg kjem no herifrå, seier han kontant. Møter ungdom

— Kva er det som er så morosamt med å spele hardingfele?- Eg får oppleve så mykje med det. Eg møter menneske med same interesse når eg fer på kappleik, og det er slett ikkje berre gamle folk. I Telemark er det mange ungdomar som driv med folkemusikk.- Kva er den beste opplevinga når du speler?- Hvis fela er god, og eg får det til, då er det moro. Det har litt med dagsforma å gjere, seier han.- Har du ein favoritt-slått?Han tenkjer seg om, og så kjem det:- Fossegrimen etter Myllarguten. Tor Hoslemo har alt av teknisk utstyr som skal vere på eit guterom. Men det er ikkje mykje han høyrer på musikk.- Nei, eg har ein del felespel på cd, men eg blir så lei av å høyre det same om att og om att. Det skjer inga forandring i spelet, slik det gjer når ein speler sjølv.- Og pop og rock, høyrer du på det?- Nei, alli, seier han. Festivalen i Kristiansand

Folkemusikkfestivalen Árinn kjem i kveld til Kristiansand og Christiansholm Festning. Der er det opningskonsert med Annbjørg Lien, Knut Skrindo, Unni Boksasp, Anders Røine, Sigurd Brokke og Arja Kastinen i kveld. Seinare i kveld er det konsert med Hauk Buen og Tore Bolstad, og nattkonsert med Arja Kastinen mot midnatt. Fredag er det barnekonsertar, dybdeintervju der ein møter Gro Holm i samtale med Agnes Buen Garnås og Halvdan Furholt, framføring av bestillingsverk og utdeling av Edvard-pris, Kvedarstund og Sjamanisme, Magi og Transemusikk, til slutt dans - alt saman på Festninga. Laurdag er det program frå kl. 12.00 og like til midnatt. Det blir dans og eventyrstund, gåtesong og konsert med ei lang rad utøvarar frå ulike tradisjonar, både norske og internasjonale.