Første setninga i denne sterke romanen begynner slik: "Jeg kom over de lange myrene i skumringen". Akkurat så langt kom eg før Hamsun og "Markens grøde" slo ned i meg. Hovudpersonen og antihelten Sune, rundt 40 år gamal, er ein vandrar, men elles har han lite til felles med Isak, Benoni osv. Han har reist frå familien, meldt seg ut av sivilisasjonen og lever i skogane, fjellet og på øyane i sør. Han tek seg inn i andre sine hytter, om nødvendig med å knuse eit vindauga eller ein lås. Stel mat, børst og klede, eit våpen iblant, for sal. Av og til beisar han ein vegg eller ordnar med litt ved. Dårleg samvit? Kanskje, kanskje ikkje. Nokon skikkeleg kjeltring er ikkje den vindskeive Sune, som konstaterer at Ola og Kari gjerne let både det eine og det andre att på hyttene sine.

Sjølv om han har stukke av frå familien sin, har han eit nettverk, stort sett andre som lever på utsida av samfunnet. Litt etter litt blir vi kjende med eit fellesskap på sida av sivilisasjonen: ein tysk lege, småkriminelle, flyktningar utan opphaldsløyve osv. Ei natt dukkar ei ung jente med asiatiske trekk opp ved hytta han for tida "låner". Ho har ei grufull ugjerning bak seg, men Vale, som Sune kallar henne, har gjort det i sjølvforsvar. Ho nektar å forlate han — og motvillig tar Sune eit slags ansvar for henne. Første delen av boka kan verke litt stilleståande, men kvar gong det strammar seg til for Sune, kjem meisterklørne til syne.

Ambjørnsen er ein litterær handverkar i eliteklassen. Bymennesket som har skildra både Oslo og Hamburg slik at lesarane kjenner asfalteimen rive i nasa; han maktar forsyne meg også å fortelje om skog og fjell slik at du kjenner bållukta kitle og høyrer vestavinden rasle med dei siste lauvblada ein septemberkveld. Naturskildringane er til dei grader sansa, anten det er snøstorm og kulde eller lun haustsol. Dei litterære bilda er originale og råkande. Raust var eit ord som slo meg under lesinga. Ambjørnsen rotar og grev i diverse, lite fine utvekstar på velferdssamfunnet, men så er det vakkert likevel, og skikkeleg beksvart i blant. Refsaren Ambjørnsen slår endå ein gong i bordet til forsvar for dei som ikkje heilt finn seg til rette i det finstrigla samfunnet vi har skapt. Bodskapen er at det må vere plass for dei som vil stå utanfor. Og humoren finst jo, sjølv om han som oftast har mørke, nesten destruktive undertonar. Ambjørnsen har aldri lagt skjul på at han har prøvt det meste av det som finst av rusmiddel, og i denne romanen let han Sune gli inn i fleinsopprus. Og eg seier, at det går an å skildre slik!

Trass i alle lovorda, eg meiner bestemt at ei viss innstramming hadde gjort godt. Men sidan dette er første bok i ein varsla serie - eg gler meg til neste bok!