Fredrik Backman, 32 år, er svensk, og mest kjend som bloggar og journalist. "En mann ved navn Ove" er debuten hans — og, så det er sagt med det same, ei lovande første-bok. Hovudpersonen, Ove, er 59 år gamal, køyrer Saab og står fram som ein skikkeleg gretten, gamal gubbe. "Ordnung muss sein"! Kort lunte har han også, og er lynande forarga fordi han så å seie har gått ut på dato på jobben.

For oss som lesarar står han til å begynne med fram, ikkje berre som usympatisk, men også som ein eldre kar som har mist taket på livet. Forklaringa på det siste kjem etter kvart fram; i retrospektive kapittel fortel forfattaren at Ove for ikkje lenge sidan har mist kona, Sonja. Han blei i si tid spontant forelska i henne - og ho i han - og sjølv om dei er fundamentalt ulike på nesten alle måtar, er det eit lykkeleg ekteskap. Dei utfyller kvarandre på ein forunderleg måte, han som den praktiske, nevenyttige karen - blotta for t.d. litterære interesser - mens ho les Shakespeare, elskar musikk og dans, og er utprega sosialt anlagt.

Han prøver fleire gonger å ta livet av seg, samtidig som han besøker kyrkjegarden og på sitt vis "kommuniserer" med kvinna han elska over alle grenser. Ganske tidleg i romanen blir vi kjende med Parvaneh, ei innvandrarkvinne og mannen hennar, ein fleskete sværing, som saman skal kome til å prøve om det er muleg å få Ove ut av det psykiske uføret han har køyrt seg inn i. Om dei greier det eller ikkje - tja, sei det? Kanskje er det ein stygt medfaren katt, som han ikkje kan fordra, som blir avgjerande?

"En mann ved navn Ove" er både tankevekkande og underhaldande. Eg greip meg i å bli glad i den tverre, iltre og lite sosiale grinebitaren.Eg føler rett og slett med han, skjønar han også. Det å skape ein så samansett personlegdom som Ove, og ikkje minst, å få han til å stå fram som ein truverdig mannsperson, er ein prestasjon i seg sjølv. Det er på ingen måte ein djuptpløyande, psykologisk utviklingsroman, men - for å seie det folkeleg - eg "kjøper" den svenske debutanten Fredrik Backmans teikning av han gjennom godt over 300 sider. Sjølv om mykje av det som skjer har eit dystert skjær over seg, manglar det ikkje på humoristiske situasjonar. Eg både småhumra og gapskratta fleire gonger. Med eit skeivt smil handlar det om ein mann som ikkje heilt greier å akseptere at han er i ferd med å bli gamal, som endå mindre handterer ein mannsrolle som har endra seg dei siste ti-åra. Venskap, tru det eller ikkje, romanen handlar også om venskap.

Nokon lytelaus roman er "En mann ved navn Ove" etter mi meining ikkje. Ove er mangslungen, så full av motsetnader at forfattaren treng god plass for å få han til å stå fram som ein mann vi kan tru på. Men, særleg dei første kapitla i boka hadde hatt godt av ei innstramming.

Fredrik backmann bilde.jpg