Forfattere: Espen Søbye, Harald Berntsen, Kjartan Fløgstad, Jon Langdal.

Sjanger: Historie

Forlag: Gyldendal

Det har ikkje mangla på lovord gjennom året om Grunnlova og Eidsvoll og fedrane der, korkje i tale eller skrift. Det er difor befriande på tampen av året å ta fatt på ei bok som skal se på dei siste to hundre åra av vår historie med eit friskt og humoristisk skråblikk. Forfattarane høyrer til same generasjon av markerte skribentar på venstresida. I «Dovre faller» gyv dei laus på etablerte sanningar i norsk historie.

Nå må det seiast at mykje av dei historiske hendingane og straumdraga forfattarane er innom, har vore underlagt mange kritiske blikk dette året, strid om demokrati og parlamentarisme, kvinnekamp og arbeidarkamp, eit urettferdig rettsoppgjer etter krigen og så vidare. Men ut frå sin politiske ståstad går dei lengre i sine utfall mot kapitalisme, privatisering, New Public Managament, media, alt dei meiner trugar samfunnet under Dovre.

Særleg i den siste delen av boka vantar det ikkje på ironisk snert og ordspel i skikkeleg fløgstadsk ånd. Her og der tippar det heilt over. Framstegspartiet er reaksjonært og den stygge ulven i det politiske landskapet, og eg skal ikkje motseie dei, men det blir i meste laget med all harselasen. Boka heng ikkje heilt i hop.

Dovre-faller.jpg