Skamtegnet BILDE2.jpg

Handlinga i denne kriminalromanen, 558 sider lang, startar med at eit dokument frå 1905 blir opna på eit advokatkontor i 2014, datert 5. september 1949. I det dramatiske året 1905 hadde Oskar P. Brattenschlag fått ei underordna stilling ved oslokontoret til statsministeren, Christian Michelsen.Svært sensitive samtalar om tilhøvet mellom Sverige og Noreg går føre seg, og Brattenschlag blir ufriviljug dregen inn i dei. Bestialske drap, mystiske skapningar; hendingar skjer som kan få fatale følgjer for forholdet mellom grannelanda.

Eit innbrot på Universitetet gjer den unge embetsmannen merksam på solkors— eller hakekorsdyrkarane teosofane. På toppen av alt blir familien til Brattenschlag på dramatisk vis utsett for åtak. Brattenschlag og eit par blir andre kidnappa, og handlinga når eit dramatisk høgdepunkt på leiting etter gotergull på Sunnmørekysten, og ein ufatteleg skatt som søkk i havet ved Stadt.

Etter kvart som eg las dei mange sidene var det eit par spørsmål som trengde seg stadig sterkare fram; kunne ikkje til dømes Sir Arthur Ignatius Conan Doyle eller Bernhard Borge ha skrive dette? Svaret er både ja og nei. Plottet, ja. Tilrettelegging og omfang, nei.

Eg er overtydd om at både Borge, alias André Bjerke, og Conan Doyle ville ha barbert bort minst 150 unødvendige sider. Det blir rett og slett for mykje av det gode.

Det andre spørsmålet som trengde seg på var; kunne ikkje dette ha blitt ein forrykande roman for unge lesarar? Ei barbering ned til 200 sider, litt meir pedagogisk tilnærming til situasjonen i 1905, det kunna ha blitt ein kjempebra roman for ungdom i første delen av tenåra.

Forfattaren har eit par krimromanar bak seg som har fått bra kritikkar. Sidan eg ikkje har lese nokon av dei, skal eg berre konstatere at tittelen Skamtegnet , altså hakekorset, treffer godt. Fauskanger har studert mellom anna filologi, religionsvitskap og klassisk hebraisk, og det manglar ikkje på historiske fakta i boka. Men slik Skamtegnet no ligg føre, er romanen ein litterær mastodont med for lite basisinnhald og for mange ord.