KRISTIANSAND: — Heile teksten er på nynorsk, sjokkerande nok. Det er ikkje så reint få som er nynorskbrukarar i landsdelen, til dømes er det ikkje lenge sidan Finsland gjekk over til bokmål som opplæringsmål, seier forfattaren Paal-Helge Haugen. Sjølv er han busett i Songdalen. Han har teke på seg utforminga av sjølve hovudmarkeringa i samband med 100-årsfeiringa for Sørlandet. Den travle forfattaren hadde eigentleg ikkje tid, men då initiativtakarane vende seg til han og presenterte prosjektet, kunne han ikkje seie nei.- Eg kunne ikkje halde fingrane frå fatet. Dette var for kjekt. Ein slik sjanse melder seg berre ein gong. Å få jobbe med Bentein Baardson og Håkon Berge, det er ei stor glede. Og så at alle stiller opp, symfoniorkesteret, kammerorkesteret, Divisjonsmusikken og alle dei andre - det er fritt val på øvste hylle, seier Haugen entusiastisk og vonar gleda vil syne seg i framsyninga. - Vi hadde ikkje lyst til å lage ei formell og gravitetisk festforestilling. Vi ville boble og herje litt. Når dei har gjeve oss oppdraget, vonar eg dei visste kva dei gjorde, seier han. Som setesdøl er Paal-Helge Haugen ikkje frå det han kallar Sørlandets kjerneområde. Men han har budd lenge nok i Songdalen til å kjenne landsdelen innanfrå. - Det å ha ein utgangsposisjon som både er utanfrå og innanfrå er kanskje ikkje så dumt? Bentein Baardson og eg har snakka oss gjennom mange lag og laga konseptet saman. Vi vil gjerne kaste eit undersøkande og kritisk blikk på Sørlandet og sørlendingen, men det skal òg vere eit kjærleg blikk på denne landsdelen som eigentleg ikkje har kome seg ut av bleiene, seier han.Haugen har skrive ein teatermonolog for Sverre Anker Ousdal, som skal vere hovudpersonen i framsyninga. Han er på oppdagingferd, eller han er ein guide, som går rundt og funderar på kva eit og anna er. Han vandrar gjennom historia og landskapet, løfter opp ein stein her og der og undersøker kva som finst under. - Vi håper rett og slett at dette skal bli ganske morosamt. Han vandrar i begge Agder-fylka, han går langs kyst og i innland, og han kastar noen urolege blikk inn i ei uviss framtid. I denne funderinga opnar det seg små vindauge, eller glugger, og så får vi sjå kva som finst bak vindauget. Det er 10 slike, og gjennom desse får vi utsyn til noko som er reint musikalsk gestalta. Forteljinga er altså avbrote av musikalske tenkepausar. Eit blikk går mot sjøfarten, då kjem Risør Shantykor og Jens Olai Justvik, eit anna går mot bedehuset, då møter vi bedehusmusikken. Men alt dette skjer i djupaste alvor. Ingen av oss er ute etter å gjere noko anna enn det. Men vi skal også kaste eit skrått blikk på det heile i koplingar som ikkje er kva ein ville vente. Eit anna vindauge heiter Setesdal, og slik får vi fram ulike tradisjonar frå det mest forsiktige og fromme til det meir lausslepte, seier Paal-Helge Haugen. Alle som stiller opp musikalsk er knytte til landsdelen.- Men dei blir ikkje eksponert an sich, snarare slik at dei skal passe inn i ei litt uvanleg tilnærmingsform, seier Haugen, og meiner resten må bli overraskingar.