Unni Nielsen:

Sommerfugler i desember

Ungdomsroman

Gyldendal Tiden Sommerfugler i desember er den tredje boka i ein serie som begynte med Neste år i september (1996), og heldt fram med Benjamins reise (1997). Inspirasjon til serien om Benjamin henta forfattaren i Zimbabwe i samband med eit litteraturprosjekt i regi av Norske Barne— og Ungdomsbokforfattere i 1995. I den første boka kjem Thembi og Fortune med eit kor frå Zimbabwe til Noreg og møter Benjamin, som også syng i kor. I andre boka er Benjamin på besøk til Thembi i Zimbabwe. Både desse bøkene, og no altså den tredje, fortel om venskap på tvers av etniske og kulturelle grenser. Det er meir.

Thembi og Benjamin er ikkje berre vener, dei blir glade i kvarandre. Men Thembi har aids, og på slutten av bok nummer to er ho tydeleg svakare. Vi møter Benjamin idet han kjem heim att med hovudet fylt av inntrykka frå Zimbabwe. Kaoset på Gardermoen er eit bilde også på kaoset som regjerer kjenslene hans. Tante Inga, 78 år gamal, har han alltid hatt eit nært forhold til. Ho er litt spesiell, men det er likevel henne han først vitjar etter at han har kome heim. Det ufattelege skjer, ho svimar av, hamnar på sjukehus. Samanbrotet er likevel ikkje så alvorleg, men meir eller mindre i ørske snakkar ho om Afrika! Også tante Inga har vore der ein gong, og sjølv om ho til å begynne med ikkje vil snakke om det, kjem ting etter kvart for dagen. Via e-post får Benjamin etter ei tid vite at Thembi kollapsa dagen etterat han reiste, og at ho knapt vil leve lenger enn kanskje til jul. Vill av sorg nektar han først å godta sanninga. Han har litt før fått ein kassett der Thembi snakkar og fniser som om alt skulle vere i orden. I denne situasjonen er Cicilie der, ei jente det ikkje er så lett å bli klok på. Ho les e-posten frå Zimbabwe sittande saman med Benjamin på eit varmt svaberg litt ut i september - og "...hun lager små trøstelyder mens han synker, nærmere, sterkere og sterkere, hud, lukt av frisk luft og salt og parfymen fra sjampoen hennes ...". "Sommerfugler i desember" er ein fin ungdomsroman. Ja, ordet er fin. Den ytre handlinga kunne lett ende i sentimentalitet, men det skjer ikkje. Derimot kjem vi svært tett inn på Benjamin, vi skjønar fortvilinga hans. Den superstrukturerte mora som er toppsjef i forsikring, pappa som arbeider i Nordsjøen, Cicilie med det store hjarta og evna og viljen til å trøyste - alle visar det seg at i lengda dannar ein basis som gjer at Benjamin kjem gjennom livskrisa. Viktigast er likevel tante Inga, som trass i at ho altså går overende, reiser seg att - kjem tilbake til livet, og med sine minne frå ungdommen i Afrika er det ho som får Benjamen hanka tilbake til eit tilnærma normalt liv. Det går an å lese "Sommerfugler i desember" utan å ha lese dei tidlegare bøkene, men Cicilia blir i så fall hangande litt i lause lufta. Bjarne Tveiten