Hovudpersonen Halvor Skramstad frå Rena er 18 år gamal når vi blir kjende med han i desember 1939. Han tar farvel med mamma og pappa — ho kveker, han kommunist - og mønstrar på M/S Tomar, ein 10-tusentonnar som storreiaren Wilhelmsen eig og driv. Halvor er intelligent, men ingen intellektuell, heiderleg men ikkje noko "gudsord frå landet", verken kristen eller heidning - eg helt på å seie; ein tilnærma "A4 Ola Nordmann", 18 år ung i 1939. Michelet fortel kronologisk om små og store hendingar på hav og i hamn. Halvor skriv dagbok, og forfattaren byter ledig mellom 3. person og eg-form.

en sjøens helt.jpg

Boka boblar av genuin forteljarglede og ramsalt humor, ikkje sjeldan ganske så svart. Men, og det er viktig; bak dei barske formuleringane finn vi både varme, forståing og respekt for dei unge mennene som gjennom dagar og år risikerer livet under ein nådelaus krig. Det episke drivet er høgt gjennom heile boka, men når eit suverent klimaks mot slutten. Då er det plent umuleg å legge frå seg boka, tru meg! Michelet er i litterær kalasform, og bakgrunnen hans som sjømann i unge år, er med på å gjere til dømes uverskildringane så autentiske at du som lesar kjenner sjørokket i orkanbyene. Du merkar det heile tida; at forteljaren er ein som har sett sjøbein. Han har dessutan ei sareptas krukke av historiske , geografiske og kulturelle fakta som han raust og gjennomtenkt drys utover gjennom dei 800 sidene. Imponerande er også persongalleriet rundt Halvor — dei er verkelege personlegdomar som Michelet i sitt skrivekammer har skapt for å skape episk liv og driv. I ettertid er det lett å sjå at kvar av karane er bevisst valde, men det oppdaga eg ikkje under lesinga. Eit døme er telegrafisten, ein ivrig radioamatør, som via kontaktar nesten overalt, kan halde mannskapet oppdatert om krigens gang, både i Noreg og i resten av verda.

Medan krigsseglarane er teikna med lun varme , får maktmenneska, både i Nortraship og andre stader, så hatten passar. Sosialisten og samfunnskritikaren Michelet har kvassare klør enn nokosinne - og det seier det meste. Det dryp gift av kvart ord når han avslører at Nortraship ikkje betaler hyre etter at karane på M/S Tomar har gått i livbåtane sør for Island i forrykande uver! Han nyttar ikkje storslegga lenger, snarare på kiellandsk vis, bitande og elegant satire.

Eg kom til å tenke på den konservative teologiprofessoren Carl Fr. Wisløff og boka "Jeg vet på hvem jeg tror" frå 1960-talet. Jon Michelet veit også godt kven han trur på, kven han skriv for, og kven han utan smålege omsyn kler av. Det er skrive ein gode faktabøker om krigssiglarane. Med "En sjøens helt" har Michelet skrive første delen av ROMANEN, med store bokstavar, om dei som sette livet inn for fedrelandet under siste verdskrigen.