TeaterJon Fosse: EttermiddagRegi: Lise FjeldstadScenografi: Åse HegrenesMed: Rut Tellefsen, Marit Østbye, Stein Grønli, Nils Sletta, Tina Hartvig og Dene Hjorth-Jenssen. Riksteatret i Agder Teater.KRISTIANSAND: Scenen er eit typisk Fosse-rom. Tak, veggar, golv — og ein sofa. Ei kvinne og ein mann går frå kvarandre. Han flyttar ut. Ho sel leiligheita. Inn flyttar ei anna kvinne. Og det kjem ein mann, same mannen som budde der med den første kvinna. Den første kvinna har funne att ein gamal kjærast. Med dei i leiligheita går det som med dei første; dei snakkar om det same, kjenslene kjølnar, livet repeterar seg der oppe på Fosse-scenen. Meir enn dette skjer eigentleg ikkje i det drygt timelange teaterstykkjet som no gjestar Sørlandet med Riksteatret. Jau, det er ein person til. Den gamle, spela av Rut Tellefsen. Som ei volve rører ho seg att og fram inst på scenen, med noko som liknar på visdomsord. Slik er livet, seier ho, og vi har nett sett det, og skjøna at det nok kan vere slik. Så er spørsmålet om det er slik, så fortvila, så tomt, så meiningslaust? Om det ikkje då hadde vore for små augneblinkar av poesi. For dei er der, augneblinkane, i ørsmå teikn i språk og rørsler. Orda er få. Dei kjem stotrande, i halve setningar, nokre gonger avdi vi ikkje treng det heile, vi har høyrt det så ofte før at helvta er nok. Andre gonger kan dei liksom ikkje få sagt det. Det er så ein tek seg i å vilje rope til dei på scenen for å hjelpe dei å få sagt det rette. Slik oppstår ei kjensle av noko som nærmar seg angst hos tilskodaren, hos nokon vil det kanskje bli meir som ei kjensle av å mangle tolmod. Ensemblet gjev liv til dette rare språket i ein spelestil som rører seg hårfint mellom det naturlege og det oppstylta. Instruktør Lise Fjeldstad og ensemblet har funne humoren mellom orda til Fosse. Humoren gjer stykkjet mindre gravalvorleg enn Fosse elles kan vere. Samstundes ligg alvoret der, og eg opplever at stykkjet talar til meg, at enno ein gong har Jon Fosse noko å gje, både på opplevingsplanet og til tanken. Eg kan ikkje la vere å bli fanga av språket hans. Det er så snaut, så nakent og berrt, så inn til beinet skore. Ikkje noko må vere lettare å parodiere enn dette språket. Likevel kjenner ein ikkje trong til det. Det er jo slik vi talar der vi famlar oss gjennom livet. Berre dei som trur dei er verdsmeistrar gjer det annleis. Men dei er det ikkje for mange av, heldigvis. Godt at volver og poetar finst. Emil Otto Syvertsen