ROMAN

Forfattar: Alexia Bohwim

Forlag: Kagge

300 sider med skildring av livet med diverse pillar, narkotika og alkohol tek på.

Tittelen er eit såkalla akronym på eit engelsk uttrykk «Mother I’d like to fuck», altså eit initialord som blir lese som eitt ord, ikkje bokstav for bokstav. Frognerfitter, debutboka til forfattaren (2008), førde med seg ein del støy, men av ein eller annan grunn har eg aldri kome så langt at eg har fått lese boka. Etter å ha streva meg gjennom dei nesten 300 sidene i andreboka MILF , ser eg ingen grunn til å gjere det heller.

40-åringen Kim Greve har budd på Frogner heile livet. Ho er utan jobb og pengar, er einslags manusforfattar og tviheld på det utagerande og overflatiske livet ho alltid har praktisert. Saman med venninner, særleg Chris og Janken, og diverse menn – ofte eksar – lar ho det stå til. Men så er ho mamma til vesle Dina, og kva med den rolla? Mot slutten av boka kan det verke som om ho er i ferd med å vakne.

Positivt er det at forfattaren vil noko med boka: refse og ironisere mot livsførsla til mange av rikfolket på aller beste vestkant i Oslo. I alle fall vel eg å tru det, sjølv om ein del av skildringane kan få ein til å lure. Ein del fiffige formuleringar lyser også opp, forfattaren har taket på Bygdø Allè-språket. Men romanen er rotete og usamanhangande, dessutan altfor omfattande. 300 sider med skildring av livet med diverse pillar, narkotika og alkohol tek på. Nitide utbroderingar rundt sminke, hårsveis, merkeklede og så vidare – om att og om att – nei, MILF held som heilskap ikkje mål.