Bok

Forfattar: Anne B. Ragde

Forlag: Oktober

Du skal ikkje ha lese mange sidene av denne kollektivromanen, lagt til ei nybygd bustadblokk i burettslaget Ungdommens egen heim litt utanfor Trondheim, før assosiasjonane til «Støv på hjernen» (1958) melder seg. Det er sju år seinare, 1965, tidleg vår. Elegant opnar forfattaren dør etter dør i lågblokka med åtte bustader, og gjer oss kjende med familiane som bur der: Åsen, Moe, Rudolf, Larsen osv. Litterært svingar det av personteikningane, Ragde har sikkert hatt det artig medan ho har skapt kvinnene og mennene i sitt eige hovud og deretter utforma personlegdomane, einskildlagnadene med ord. Språkleg er Ragde som vanleg dyktig, spesielt er ho ein meister når det gjeld å teikne personlegdomar og situasjonar gjennom dialogane. Med få ord skaper ho levande menneske, menneske vi kan identifisere oss med. I det heile, forfattarens konservative bokmål fungerer stort sett svært bra. Lett å lese er også boka, utan å bli lettvinn. Der Eva Ramm (Støv på hjernen) fleipar med personane sine – og mest med klutbrukande husmødre – der spelar Ragde på tragiske strengar, i tillegg til ironien. Uhygge snik seg innover lesaren, eit tydleg frampeik er krafsinga bak murane i kjellaren som fleire av bebuarane høyrer. Ei nybaka ung og heilt urøynd mor veit inst inne at babyen hennar nesten ikkje får mjølk hos henne – men ho gjer ingenting med det. Depresjonar, mangel på empati, lita evne til å kommunisere med andre menneske – alle har sitt å stri med. På mange måtar blir det indre livet i blokka, der menneske smugkikkar, sladrar og skumlar på kvarandre, eit bilde av Noreg på 1960-talet. Eller rettare sagt, slik Ragde driv hendinga fram, blir det for meg naturleg å tolke henne slik – at ho meiner det. Nesten alle røyker som lokomotiv, nesten alle kvinnene er knipne i senga, nesten alle mennene er av typen som kunne svelte i hel ved sida av eit velfylt kjøleskåp. Men, og det er heilt sentralt, trass i alt det vanskelege og vonde, på basisplanet går praktisk talt alle personane med ein slags optimisme i seg. Eg var 23 år i 1965, og sjølv om eg då budde på hybel mens eg gjekk på lærarskule, er det litt å nikke attkjennande til grunnstemninga i romanen. Grundig research skal forfattaren ha pluss i margen for. Mot slutten av boka dukkar Lars Lockert, 19 år gamal opp utanfrå, og tilbyr bebuarane i blokka kikkhol i døra – til berre 19 kroner. Slik kan dei både kontrollere kven som kjem og går, og ikkje uventa nyttar dei seg av tilbodet. Symbolikken blir nesten for tydeleg når det viser seg at det kryr av rotter under blokka, rotter som kjem myldrande fram frå sine rottehol. Alt i alt ein Ragderoman av godt merke, underhaldande, vittig og med sting. Men, romanen står fram som svært stilleståande, utan skikkeleg episk driv.