FN-soldaten Johannes Ewald Renton kjem heim med psykiske arr etter teneste i Kosovo. Forfattaren fører oss tilbake til distriktet han skildra i romanane Trass og Flommen. Bakteppet forfattaren teiknar rundt familien Renton, er fullt av personar frå desse romanane.

Faren møter han i Mercedes, trekt med «hallikklær» — og ein firehjulstrekkar som heimkomegåve. Familien hans går ad undas i ein miks av alkohol, utruskap og likesæle.

Ordføraren er oppteken av merkevarebygging, menneska i bygda er nyrike og kjenslekalde. Lottobygda blir bygda - drepande ironisk - kalla etter at nokre eldre har blitt lottomillionærar.

Johannes opplever menneska i heimbygda som upålitelege og falske, og forfattaren svingar svepa over politikarane, som han karakteriserer som klovnar og kujonar. Romanen kan lesast som krass kritikk av utviklingstendensar i det norske samfunnet - med nyliberalisme og ego-dyrking.

Namnet på hovudpersonen, Johannes Ewald, er ikkje tilfeldig. Parallellane til den danske forfattaren Johannes Ewald, veteran og romantisk svermar, er påfallande. Eg greip meg også i å minnast Erich Maria Remarque og Tre kamerater.

Jonny Halberg er ein glitrande forteljar. Særleg strålar det av fjellskildringane. Men - eg synst ikkje han når nivået i Trass og Flommen, og eg lurar på om det kan skuldast at han er for sint og skuffa over det norske samfunnet i dag?

Bjarne Tveiten

Desillusjonert Halberg

BOK

Gå til fjellet

Forfattar: Jonny

Halberg

Roman

Forlag: Kolon