Geir Brandstadmoen:

På barndommens solbrente enger

Roman

Aschehoug

Rammeforteljinga, berre nokre sider med kursivskrift, er lagd til i dag. I det meste av boka ser hovudpersonen Christian tilbake på det som hende i sjette klasse på midten av 70-talet. Det er eit veritabelt helvete han minnest. Christian har greidd seg, men hendingane har merkt han for livet. Gjennom han blir vi kjende med ei rekkje gutar, eit par jenter, ein ignorant kvinneleg klassestyrar, Røhren, eit par andre lærarar og ein rektor. Fysisk og psykisk terror, ofte med seksuelle overtonar — det er nesten ikkje grenser for kva barna gjer mot kvarandre. Dumskap, utruleg evne til ikkje å sjå - det er ikkje grenser for evna vaksne har til å ikkje sjå. Eitt av ofra tek sitt eige liv. Det gjorde vondt å lese denne romanen. Kritikaren i meg miste liksom munn og mæle. Eg opplevde boka som eit skrik om at vaksne, både lærarar og foreldre, må bry seg. Etter å ha lete boka "søkke", ser eg at ikkje alt er like vellykka. Kanskje målar forfattaren med for sterke fargar her og der, kanskje er ikkje alle personane like truverdige, kanskje er romanen som heilskap for episodisk. Gløym det! Denne boka skal du lese med opne sansar, denne boka skal du ta til deg akkurat som ho er. Særleg viss du arbeider med barn og unge, til dømes som lærar, eller viss du har barn på veg inn i puberteten - må du lese denne romanen. Bjarne Tveiten