Magnus Mills:

Udyr

Roman

Omsett av Hege Mehren og Isak Rogde

Cappelen Donald eig eit firma som set opp gjerde. Han set eg-personen, forteljaren i denne Pussige romanen, inn som formann for eit gjerdelag samansett av to skotske, unge menn. Med ein eldgamal pickup og ei campingvogn som definitivt har sett sine beste dagar, dreg dei på oppdrag — til England. På den første jobben dei har, går det ikkje betre enn at dei, ved eit uhell, kjem til å ta livet av ein bonde. Dei grev han ned under ein hjørnestolpe. Dette stoppar ingen av dei. Snart er dei på veg til ein ny stad, til ein ny jobb. Det går ikkje betre der! Dei møter litt etter litt konkurranse frå eit lokalt firma også, og det er eit firma som ikkje berre driv med gjerdebygging. Blant mykje anna har firmaet eit slakteri, og meir skal eg ikkje her og no seie om det. Dei tre karane eig ikkje respekt for autoritetar, og dei har tilsynelatande ikkje andre interesser enn å drikke øl på næraste pub. Tam og Richie drøymer nok om damer, men det blir ingenting av. Ikkje rart forresten, ingen av dei er i stand til verkeleg å kommunisere. Moral er eit totalt ukjent omgrep, og dei tre hovudpersonane står på mange måtar fram for oss som udyr. Stort meir skal eg ikkje seie om handlinga i denne spesielle - og gode romanen. Ytre sett er romanen ein episk tekst om å sette opp gjerde - etter kvart også moderne, elektriske gjerde. Bakom den ytre handlinga er det også tale om gjerde, eller kanskje helst, mangelen på gjerde. Sagt på ein annan måte, det handlar om kontroll av menneske og dyr, men aller mest om kontroll av kjensler, av drifter, av farlege krefter i menneske. Eg-personen, forteljaren, er gjennomført naiv. Forteljarteknikken hans er også naiv, likefram. Om han fortel om Richie som kastar stolpar i hovudet på ein mann og drep han, eller han fortel om ein kveld med øldrikking på puben, gjer ingen skilnad. Det blir litt etter litt så gjennomført grotesk at du som lesar nesten gløymer at det vanlegvis er ein viss skilnad på å svinge ein ølseidel og det å drepe eit menneske - og deretter grave det ned! Den engelske originalutgåva har tittelen "The Restraint of Beasts". Ordet restraint har eit ganske breitt meiningsinnhald, i ei engelsk-norsk ordbok står: "(selv)beherskelse, tilbakeholdenhet, undertrykkelse, begrensning, innskrekning, bånd, tvang." Eg synst ikkje omsettarane har vore heldige med tittelen på norsk, men det er vel bortimot den einaste innvendinga eg har. "Udyr" er ei tankevekkjande bok, ein roman som eg i alle fall trur at på botnen handlar om korleis det moderne mennesket er i ferd med å misse noko av det som skil homo sapiens frå alt anna liv på jorda. Eg har sjeldan ledd så godt under lesinga av ei bok, men samstundes gjekk det ganske kaldt nedover ryggen på meg mange gonger. "Udyr" er ein knytteneve av ein roman! Bjarne Tveiten