Forfattar: Jan Roar Leikvoll

Forlag: Det Norske Samlaget

Hovudpersonen, ein gut, lever på restane av eit samfunn der den sterkastes rett gjeld. Far er sterk, mamma veik, storesyster død – og veslesyster døande. Sjølv har han eit punkt på ryggen der kjøtet er i ferd med å rotne. Livet er for alle eit helvete, frykteleg varme dagar – kalde netter, stormar Alle går nakne, kvar bølgjeblekkrønne har ein skithaug – steget før latrine. Kannibalisme, rotter og villhundar som mat – det er ei gruppe menneske som har mist det meste av humanitet. Det einaste lyspunktet eg-personen har, er bestefaren som bur for seg sjølv og har ein fiolin. Han får etter kvart tak i ei kule som spreier vakre farge-strålar – korleis skal eg ikkje fortelje. Gutungen blir sliten mellom å vere barsk og rå som far – og det å tillate seg å godta at han har evne til medkjensle. Verken tid eller stad er nemnde, men iblant kjem det fly som droppar mat over ruinhaugen der eg-personen og eit ukjent tal menneske held til. Den intense varmen peikar i retning av ei ikkje altfor fjern framtid. Romanen kan også tolkast som eit politisk innspel – og lesen slik er det ein dyster, ung mann som talar.

Debutromanen Eit vinter-eventyr (2008) fekk mykje og positiv merksemd. Fiolinane er eit prov på at den vanskelege 2. boka kan vere minst like god som debuten. Romanen er ein velskriven dystopi – ei av dei fælaste bøker eg har lese. Og ei av dei beste av nykomarar dei siste par åra.