Barnebok

Forfatter: Guro Sibeko

Forlag: Cappelen Damm

Kaspara og mamma er ute og ror. Brått kjem sterk vind og båten havarerer. Mamma, utan redningsvest, druknar. Kaspara, med vest, overlever som ved eit under. Ho er overtydd om at mamma aldri får fred, at ho er tapt for alltid. Dette vil ho gjere noko med. I ei «Svartebok» finn Kaspara kva som skal til, og så får ho i tur og orden ei huldrejente, haugkallar, alvekongen og nøkken til å hjelpe seg – dels vitande, dels uvitande om at dei gjer det. Ramnane Tanke og Minne, vikingen Yggralf jarl – og sjølve Odin – vi møter mange frå eldgamle myter, segner og eventyr i denne boka – der hovudpersonen ikkje skil mellom verkeleg og uverkeleg. Folkloren ho har fått formidla av mamma og mormor – som døyr like etter mamma – er like reell som pappa, skule og vener.

Kjerneforteljinga i boka er soga om korleis Kaspara, modig og respektlaust, kjempar for å fri mamma frå draugen. Det er godt litterært handverk. For barn frå 9-årsalderen – fram til 12 år – er «Blodmånenatta» ein «pageturner». Språket er nakent, med innslag av rim og rytme. Blyant— og kolstiftteikningane til Knut Andre Solberg er fulle av drama og fungerer svært bra. «Blodmånenatta» alias «Halloween» er barnelitteratur det er ein fryd å lese – og anbefale. Boka kan gjerne lesast høgt av mamma, bestemor, pappa eller bestefar – til dømes på sengekanten.