VALLE: – Å få bygd ei stavkyrkje har ein prata om i mange år her på Rysstad, og no er vi klare til å setje i gong, seier prosjektleiar Sandra Birkenes.

Om ho og Stiftelsen Setesdal stavkyrkje får det som dei vil, vil det om kanskje ti år stå ei ny stavkyrkje på Bjugsbakk ved Setesdalsmuseet. Dette håpar dei skal hjelpe både turisme og kulturlivet i dalen.

Kyrkja skal bli 17 meter høg, og ho skal byggjast i tråd med tradisjonane: Det vil seie på same måten som dei berre 28 stavkyrkjene som står att i landet. Ein reknar med at det i mellomalderen vart sett opp rundt 1000 trekyrkjer med denne særnorske konstruksjonen

Vil bruke ekspertar

Stavkyrkje i Valle har ein ikkje hatt på 360 år, for i 1664 vart Hylestad stavkyrkje riven. Og no vil ein altså bøte på dette med ei ny stavkyrkje bygd etter alle den gamle kunsten sine reglar nokre kilometer lenger unna.

– Vi skal bruke dei fremste ekspertane på handverk og tradisjonar, seier Sandra Birkenes.

Ein modell av den nye stavkyrkja blir laurdag vist fram på Hylestad soknehus der Stiftelsen Setesdal stavkyrkje presenterer prosjektet med ein fagdag. Modellen har blitt bygd i løpet av vinteren av ei gruppe entusiastar.

Sandra Birkenes er prosjektleiar for stavkyrkjebygginga. Foto: Privat

40 millionar

– Valle kommune og Valle Sparebank har løyvt dei 100.000 kronene i grunnkapital for stiftelsen, og Sparebanken har løyvt pengar til å løne prosjektleiarstillinga som eg fyller, seier Sara Birkenes. Ho er ein av ti personar i prosjektgruppa, og dei andre har jobba på dugnad.

No er forprosjektet ferdig, og dermed kan det søkjast om pengar til bygging:

– Det er vanskeleg å seie kor mykje dette kan kome til å koste, men 40 millionar kroner er eit tal vi har sagt. Men det er vanskeleg å finne tal frå tilsvarande prosjekt, og kostnaden vil henge saman med metode og tilgang på materialar. Og det er ikkje store summar som skal til før vi kan starte, sier Sandra Birkenes.

Til fagdagen laurdag kjem også ordførar Steinar Kyrvestad (Ap). Han seier dette:

– Det er ei spennande prosjekt, og det er fint når ein ser eit så stort friviljugt engasjement i ei sak. Det er for tidleg å seie om kommunen kjem til å løyve pengar til bygginga, og no skal vi først sjå kva som kjem fram på presentasjonen laurdag.

Detalj frå portalen til gamle Hylestad stavkyrkje. Denne skal kopierast til den nye stavkyrkja i Valle. Foto: Wikimedia Commons

Portalplankane

På fagdagen skal Leonard Jansen frå Setesdalsmuseet og Linn Willetts Borgen frå Fortidsminneforeninga halde innlegg, og mykje anna blir også presentert:

– Der legg vi også fram resultatet av geoskanninga der gamle Hylestad stavkyrkje sto, seier Sandra Birkenes.

Då kyrkja frå 1100-talet vart riven i 1664, vart portalplankane tekne vare på. Desse er rekna som ein nasjonalskatt, og utskjeringane viser segna om Sigurd Fåvnesbane. Utsnitt frå desse har vorte brukt både på femtikronesetelen og på einkronestykket.

Den ferdige modellen av Setesdal stavkyrkje skal synast fram på fagdagen laurdag. Foto: Sandra Birkenes

Blir ikkje kopi

– Desse stolpane er ein nokså stolt av i bygda, og det vil bli laga kopiar av dei til den nye kyrkja, seier Sandra Birkenes. Tanken er at resten av kyrkja skal stå i stil til desse.

Men å laga ein kopi av Hylestad stavkyrkje er ikkje noko mål for prosjektgruppa.

– Det finst ingen teikningar eller bilete av denne, så det blir ikkje råd å få til, seier Birkenes.

Rekte opp handa

Men ut frå grunnrisset vil ein prøve å attskape ei stavkyrkje frå 1100-talet slik ho kan ha sett ut.

– Med kor, skip og absiss kjem kyrkja til å vere 64,5 kvadratmeter i grunnflate. Tek ein med svalgangane blir flatemålet 142 kvadratmeter, seier Sandra Birkenes.

Initiativet til prosjektet har kome frå Knut H. Rysstad, og det er han som er styreleiar i prosjektgruppa.

– Det starta eigentleg med eit folkemøte om ny sentrumsplan. Der rekte Knut opp handa og sa at «De må ikkje bygge boligar på Bjugsbakk, for der skal vi setje opp stavkyrkje». Og då var det i grunnen gjort, seier Sandra Birkenes.

Øyvind Mauren under arbeid med modellen. Foto: Sandra Birkenes