ÅSERAL: I ettermiddag blir det ganske sikkert både høgtid og fest når høgskulelektor Gisbert Dunker held opningstalen og Veslemøy Solberg og Sven Ohrvik serverer musikalsk underhaldning til opninga av den 27. bygdeutstillinga i Åseral. Men då Fædrelandsvennen for eit par dagar sidan var til stades under førebuingane, var det heller kaotisk på Kyrkjebygd skule.Det vrimla av folk, og alle bar på eitkvart, anten det nå var tome kasser som ble frakta ut eller fulle kasser som blei borne inn med ting av alle slag. Monteringa av den store utstillinga har gått føre seg ikkje berre i dagevis, men i vekevis. Og i dag er alt på plass.— Det har alltid vore ei svært raus utstilling, seier Kristine Thorsland, «sjef» for utstillinga på fjerde året. - Og det meiner eg det skal halde fram med å vere. Vi har om lag 60 lokale utstillarar - eller produsentar - og då har eg ikkje rekna med gjesteutstillarane og heller ikkje dei som har lånt ut ting som ikkje skal seljast, seier ho.Gjesteutstillarar i år er kunstnarane Hans Otto Minge frå Kristiansand, Arnt Darrud frå Gvarv, Elsa Jørgensen frå Vanse, Gunda Tveit frå Audnedal og Brit Skajaa frå Lillesand - dei har fått god plass i det store sentralrommet i skulebygningen. Men rundt om i alle dei andre romma vil dei som finn vegen til Åseral i dagane som kjem finne eit utal «ting og tang» innan ei mengd ulike handverksteknikkar: Treskurd, dreiing, rosemåling, møblar, måleri, veving, toving, plantefarging, keramikk, knipling, strikking, hekling og anna. Her er englar i taket og troll på golvet, her er gamle broderi og eit praktstykke av ein brudekjole frå krigsåra.«La fliden råde i ditt hjem» står det på ein duk i rommet der Åseral Husflidslag har si temautstilling. Denne delen av utstillinga syner klårt at dette har vore motto for mange heimar i Åseral langt attende i tida. Temaet i år er pyntehandklede og kjøken-sett, broderiar i kvitt og blått eller kvitt og raudt. Her er brikker frå frigjeringa i 1945 med norske flag i kvart hjørne, her er gamle, vakre pyntehandklede med hollandske motiv.- Nei, her er ingenting til sals, seier Bjørg Ljosland som er leiar i Åseral Husflidslag. - Dette er meir som ein museumsdel av utstillinga. Det er folk i bygda som har lånt ut sine eigne ting, og eg tykkjer det er blitt ei svært interessant og vakker utstilling, seier ho.På veg til neste rom går vi forbi ein stasleg brudekjole. Det er Gunda Tveit (85) sin brudekjole frå 1946, som ho sjølv har vove silkestoffet til i 1944. Her er 32 trådar på kvar centimeter, og det vil seie at stoffet har 3200 trådar. Og kjolen er like kvit i dag som han var den gongen Gunda stod brud. Elles er det og 15 andre vevnader av Gunda Tveit på utstillinga.Eit rom er spesielt via kniplingar, utført av den tyske legefamilien som nyleg er komne til Åseral. Og tysdag den 20. juli kjem Anette, Jette og Franziska Sacher til å vere på utstillinga og syne korleis dei lager slike kniplingar. Dei kjem frå eit område på grensa mellom Tyskland og Tsjekkia, ein dal med handverkstradisjonar som har mykje felles med Åseral. Salsmessig ventar ein seg mykje av den vakre Sosteli-krukka. Den er ein nøyaktig kopi - godkjend av Oldsaksamlingen - av den originale krukka som blei funne under utgravingene på Sosteli. Kopien blei første gong laga av Reidar Mathiasen, men no er det Aud Skisland som har teke over. Ho har laga tre krukker om dagen, og Åseralsutstillinga har 120 eksemplar for sal. Det er Åseral Industrier som har fått eineretten på denne produksjonen.Kristine Thorsland seier at utstillinga i stor grad finansierer seg sjølve, sjølv om det vert gjeve eit kommunalt tilskot. I fjor blei omsetninga på nær 200.000 kroner, og ho vonar det same vil skje i år.