Hans Petter Laberg:

Mannen på bakken

Ungdomsroman

Cappelen

33 år gamle Hans Petter Laberg debuterte i 1996 med "Biter av en historie". Året etter kom "Stemmen", ein god, men krevjande ungdomsroman. Med "Mannen på bakken" har Laberg, som bur i Flekkefjord, skrive den beste boka si så langt. Vi møter eg-personen og venene Bevern, Henning og Petter idet dei spring i vill fart frå ein mann dei har slege ned på veg til ein minibank i ein forstad (Oslo?). I plastposen dei riv frå mannen er det masse pengar Dei fire gutane, som går i same klasse på vidaregåande, har skulka eit par dagar. Ransnatta har dei reika rundt, pilsa, men Bevern — sjefen - veit kvar dei skal. Til plassen ikkje langt frå minibanken. Vi følgjer i den første delen gutane vidare gjennom eit par "rare" døgn. Samstundes rullar forfattaren, via eg-personen i retrospektive glimt, opp litt av forhistorien. Blant anna får vi vite at familiesituasjonen til eg-personen ikkje er spesielt god. Lesaren blir stadig meir og meir klår over at det er Bevern, døypt Erik, som er sjefen. Det er han som av ein eller annan har fått greie på at den butikktilsette skal gå med pengane til minibanken. På den andre sida, under ranet held han seg på avstand, kommanderer dei andre. I den andre delen, "Hånda i sola", blir "eg", nokre månader seinare, konfrontert med det han har vore med på. Mykje meir skal eg ikkje seie om handlinga, men særleg glede av alle pengane får ikkje nokon av gutane. For eg-personen er det verst. Han har vondt samvit, og han er redd. Redd for å bli avslørt, men kanskje mest redd for seg sjølv? "Mannen på bakken" er godt, litterært handverk. Språkleg er romanen variert og spennande. Monologar der "eg" fortel, refererer, reflekterer, skildrar eller minnest blir etterfølgde av ledige dialogar. Særleg i monologane til nærmar språket seg det prosalyriske, med gjennomtenkt bruk av oppattaking, rytme og innslag av allitterasjon. Men Laberg er også i denne romanen ein krevjande forfattar, iblant svært krevjande. Det er, la oss seie, svært mykje som ikkje blir sagt, som lesaren må leite seg fram til - i sin eigen fantasi, og på bakgrunn av eigne erfaringar. "Mannen på bakken" er av den typen bøker som helst skal lesast fleire gonger - og som kanskje først kjem heilt til sin rett etter 3. eller 4. Eg trur mange 15-åringar vil føle at dei stangar hovudet i veggen. Etter mi meining er "Mannen på bakken" ein roman om ungdom, men mest for vaksne, eller i alle fall godt mogen ungdom. La meg til slutt berre nemne at boka, etter mi meining, må vere eit funn for den vidaregåande skulen. Bjarne Tveiten