Kva for ei bok anbefalar du?

Ei av dei betre bøkene eg har lest dei siste åra er «Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg» av Kjersti Annesdatter Skomsvold. Ei nydeleg bok om Mathea, med sosial angst som både er morosam og trist på same gong. Eg måtte lese boka to gonger etter kvarandre fordi den var så sterk.

Tre favorittforfattarar?

Tove Nilsson, Astrid Lindgren, og Kjartan Fløgstad.

Låner du, lastar du ned eller kjøper du bøker?

Før lånte eg ofte bøker på biblioteket, men no blir det heller til at eg kjøper. Eg har også fått eindel bøker eg ynskjer meg i gåve. Det er alltid hyggeleg!

Eg har til gode å laste ned bøker for å lese på iPad og liknande, men lydbøker har eg ofte kjøpt på nett.

Når les du?

Som regel om kvelden når eg legg meg, og i bilen, men då er det lydbok som gjeld! Ettersom eg køyrer mykje til ulike oppdrag så er lydbøker heilt fantastisk!

Kva bok les du neste gong?

Eg har akkurat byrja å lese Tove Nilssons «Trollvinter», og har kjøpt eit par bøker til av henne som skal lesast.

Kva bøker les du ikkje?

Er ikkje så glad i å lese krim, men høyrer ofte på det i bilen.