Judith McPherson, ti år, bur saman med far sin i eit nedslite hus i Wales på 1980-talet. Dei er med i Jehovas vitner, og 10-åringen blir brutalt mobba for det på skulen. Ho flyktar inn i si eiga verd heime, eit Guds "Prydelsens land", bygt av rusk og rask.Faren jobbar på ein lokal fabrikk, og når det bryt ut streik, nektar han å ta del i den. Dermed blir båe to offer for hets.

Når det så kjem snø slik at Judith slepp å gå på skulen — slik ho ha bede Gud om - får ho det for seg at ho kan utrette mirakel, og alt blir endå mykje verre. Forfattaren let ungjenta ha forteljarstemma, og i denne romanen fungerer det godt.

"I en annen verden" er ein uhyre kompleks roman, med tru, von og kjærleik i sentrum. Men det er mykje meir: vantru, eit forsteina far-dotter forhold, om å leve meir eller mindre på utsida av samfunnet, lærarar som fungerer - og som ikkje gjer det.

Vi får eit nyansert innsyn i det indre livet i Jehovas vitner - på godt, men endå meir på vondt. Men aller mest er det eit finstemt, nydeleg bilde av ein ti-åring som har det vanskeleg både heime og ute. Gripande er ikkje eit ord eg er begeistra for, men her grip eg likevel til det - men legg raskt at boka samtidig er velsigna fri for sentimentalitet. Ei lita innstramming meiner eg hadde gjort godt, men elles har eg berre godord.