Dokumentar

Forlag: Cappelen Damm

Fredag den 19. mai i år 2000 cirka klokka 18.30 dreg åtte år gamle Stine Sofie Sørstrønen og veninna Lena Sløgedal Paulsen, ti år gamal, opp i Baneheia for å bade i det som blir kalla 3. Stampe. Stine Sofie har fått nye rulleskøyter av pappa, og gler seg til å prøve dei. Men først skal dei to veninnene bade. Dei har med seg ein pose med handkle, brus og badedrakter.

Den 21. mai, blir jentene funne – valdtekne og drepne – ved ein kolle på vestsida av tjernet som blir kalla 2. stampe. 30. mai blir Stine Sofie Sørstrønen gravlagt frå Fjære kirke i Grimstad og Lena Sløgedal Paulsen frå Kristiansand Domkirke. Den 13. september blir Jan Helge Andersen (19 år) og Viggo Kristiansen (21 år) arresterte og sikta for valdtekt og overlagt drap på dei to jentene. 13. februar 2002 fell endeleg dom i Agder lagmannsrett: Jan Helge Andersen, 19 års fengsel, Viggo Kristiansen 21 års forvaring. Ankane til Høgsterett blir avviste.

Dette er dei viktigaste, nakne faktaa i den såkalla «Baneheiasaka», som for vel ti år sidan sette ein støkk i ikkje berre lokalmiljøa i Kristiansand og Grimstad, men heile Noreg. I denne boka skildrar Hilde Moi leiteaksjonen og jakta på gjerningsmennene. Moi har skapt vakre, gripande personteikningar av dei to småjentene og foreldra deira.

Sjølv om personteikningane av Jan Helge Andersen og Viggo Kristiansen og deira næraste ikkje er like presise, kjem vi ganske nær innpå dei også. Kjenslekulda har dei to drapsmennene felles, men forfattaren får også fram skilnadene mellom Viggo, einstøingen med adhd, og den veike, lettskremte Jan Helge.

Det som på ein måte gjer sterkast inntrykk er skildringane av korleis skulekameratane av båe kjønn reagerer. Eg sat med tårer i augo medan eg las om dei første skuledagane utan Stine Sofie og Lena, om jenter og gutar som song, som teikna, plukka blomar og grein, som ikkje fatta. Ekstremt sterkt er det å lese om korleis barske politimenn misser nattesvevnen, korleis ein prest strevar med si tru på Gud, korleis ei rekke av dei impliserte i saka i etterkant blir sjukemelde. Mange er framleis ikkje ferdige med minna frå maidagane i år 2000 – og det gjeld ikkje berre foreldra.

Boka gjev også klårt til kjenne at den norske pressa generelt viste evne og vilje til ikkje å gå inn i dei grufulle detaljane i det Jan Helge Andersen fortalde. Det er eit viktig poeng, for både i politiavhøyra og i rettssalen fortalde Jan Helge Andersen svært detaljert om alt som skjedde med dei to jentene – frå Viggo lokka dei til seg (med lovnad om eit par kattungar), og til ugjerningane var fullførde.

«Savnet i Baneheia – Drapene som rystet Norge» har blitt ein gjennomarbeidd dokumentar om ei grufull ugjerning, og konsekvensane ho hadde for ei lang rekke enkeltmenneske, nær familie, lokalsamfunn og – for den saks skuld – det norske samfunnet. Utan sentimentalitet og føleri har Hilde Moi – etter det som må ha vore eit tidkrevjande researcharbeid – samla trådane og på ein nøktern måte referert det som skjedde frå time til time, seinare frå dag til dag, veke til veke, år til år.

Språket flyt lett og presist. For vel ei veke sidan las eg ”3096 dager”, der Natascha Kampusch fortel om dei vel åtte åra – frå ho var 10 til ho var 18 – som fange hos psykopaten Wolfgang Priklopil. Den gjorde eit utruleg sterkt inntrykk. Men eg kjende ikkje på noko tidspunkt at augo rann fulle av tårer. Det skjedde eit par gonger medan eg las boka til Hilde Moi – for første gong på mange år.