Johannes Heggland:

Det saltlause saltet

Roman

Gyldendal Sidan 1941 har det kome ein jamn straum av bøker frå Johannes Heggland. Bøker for vaksne, for barn, for ungdom. Notidsromanar, historiske romanar, noveller og skodespel. På 80— og 90-talet viste han med fleirebindsverka om Anna Gyria og Syllfest at han i det breie, episke formatet i dag stiller i, eg heldt på å seie, ein eigen klasse. Med "Sjå kor dei elskar kvarandre", romanen om bedehuspredikanten Sikfus Nattvatn, gjorde han ikkje så få bokmeldarar både usikre og forvirra. Hadde Heggland gått i frø i "Bedehusland"? Framhaldet viser at det har slett ikkje forfattaren gjort. "Det saltlause saltet" viser at den 80 år gamle bonden frå Tysnes framleis er høgst oppegåande. Som litterær handverkar er han suveren. Sikfus Nattvatn, den svært så samansette lekpredikanten, misser livet i eit fall. Er det ei ulykke, eller har nokon dytta han utfor? Den døde har skrive eit slag dagbok, og i denne kjem det fram at tilhøvet til eldstesonen Markus, særleg den siste tida, ikkje var den beste. Dette kjem ut, og dermed kjem odelsguten i søkelyset. Det er bedehusfolket som spreier mistanken, med Andreas frå Sjo i brodden. Nattvatnfamilien er ikkje berre velsedd, og enkelte av dei er slett ikkje Guds beste barn. Dei er menneske rett og slett, menneske på godt og vondt. Det er som regel personane til Heggland. Den ytre handlinga er spennande nok til at ein lesar ikkje legg boka frå seg. Romanen har eit så stort persongalleri at det er ein prestasjon av forfattaren å byggje romanen opp slik at ikkje lesaren går i surr i personane. Eg har lurt litt på kva det er som gjer utslaget, og eg trur rett og slett at det skuldast at alle dei mange, viktige og ikkje fullt så viktige personane er teikna slik at dei vert levande menneske for meg. I bok etter bok har Heggland analysert vestlendingane generelt og bedehusfolket spesielt. Det gjer han i denne boka også, men tydelegare enn før kjem den samfunnsmedvitne Heggland til syne. I etterkant av lesinga har eg fleire gonger gripe meg sjølv i å tenkje på Aasmund Olavsson Vinje og tvisynet hans. Når det gjeld fenomen som journalistikk av "Se og Hør"-slaget, er han klår, dobbeltmoral og fanatisme toler han heller ikkje mykje av. Den fanatiske naturvernaren Jensen vert sett opp som ein parallell til fanatiske og dømande bedehuskristne. Det vanlege namnet, Jensen, er sikkert ikkje tilfeldig. Fanatisme finst mange stader. Kvinne - mann, bygdestrid, brutal kapitalisme, kamp mellom framgang og nyskapande utvikling og "bakstreverske" krefter - la dette stå som døme på kva "Det saltlause saltet" handlar om. Eg tillet meg med dette å meine at romanen til Heggland i framtida kjem til å bli ståande som ei av dei viktige bøkene i haust. Til slutt, slik boka endar kan nok Heggland ha ei bok til frå same miljøet i tankane. Bjarne Tveiten