Rune Belsvik debuterte i 1979 med ungdomsromanen Ingen drittunge lenger. Seinare har det kome ei lang rekke bøker for barn og ungdom. I 2001 kom barneboka Verdas mest forelska par, den første boka om den ørvesle bygda Bløygen, der det ikkje bur fleire enn 13 menneske. Verdas mest forelska par, Esmiluni og Bidger, møter vi også i den nye boka om Bløygen, som har fått tittelen Tøddel Blisterplytt. Kosedyret Tøddel Blisterplytt, som har gjeve namn til boka, tilhøyrer eigentleg avisbodet. I den vesle bygda bur det altså i alt tretten personar, og vi kan i utgangspunktet seie at dei har det godt. Dei har ordførar, ein buss, tre butikkar, ein trøbbelkiosk, bensinstasjon, ein lyktestolpe, ein bussjåfør og ei avis. Idet forteljinga startar held denne idylliske tilstanden på å slå sprekker. Kommunestyret, og først og fremst ordføraren sjølv, Rosina Myrl, er sterkt uroa fordi Keisemda held på å sette seg fast i Bløygen. Då vil det ikkje lenger kome turistar til bygda. Og, som den tenksame ordføraren Rosina Myrl er, har ho og resten av kommunestyret fått det for seg at turisme må til. Trøbbelkiosken til Bøttefanten er ein spesiell institusjon der små problem vert løyste for tre kroner, større problem for fem kroner og kjempetrøbbel for sju kroner. Bøttefantens råd er til sjuande og sist alltid: «Gå deg ein tur». Herdis Perdis, redaktøren i «Bløygen avis» er ein herleg figur, det same er Sidvus Krem og Olvida.

Det kunne sjølvsagt seiast ein god del om Mytti Mytti, om Fiskeguri, om Pinnesveinen og så vidare. Rune Belsvik har ei utruleg evne til å finne på fantasieggande namn. Men det er så mykje anna å glede seg over her. Verdas mest forelska par, Esmiluni og Bidger, går kvarandre litt på nervane ei stund, men så skin sola inni dei att (?) og her har eg lyst til å sitere aldri så lite:

— Unnskyld at orda kjem så hardt ut av munnen min.

— Elsklingen min, sa Esmiluni. - Du la jo på meg eit pledd.

Grunntona kan på ein måte minne om Tove Jansson og dei finurlege bøkene om Mummidalen. Illustrasjonane til Inger Lise Belsvik er tilpassa innhaldet, dei grip råkande fatt i det den naivistiske forteljarstemma formidlar. Logikken er akkurat så sprø som han gjerne er i bøkene til Belsvik, men han er der likevel. Historia er sauma i hop etter det eg vil kalle eit klassisk mønster, men med «belsvikvri» av beste merke. Folk er rare, men på sitt vis truverdige. Historia har driv, men ho slentrar på same tid av garde på underfundig vis, mens forfattaren leikar med både språket og, ikkje minst, lesaren.

Forlaget påstår at dette er ei bok for barn frå seks år og oppetter. Kanskje det, eg ville nok heller ha sagt åtte, men det er ikkje hovudpoenget. Sjølv er eg snart 64 og eg er ikkje heilt sikker på at eg har lese noka bok som har gjeve meg meir enn denne i haust. Eg likar å bli leika litt med, i alle fall av og til.

Bjarne Tveiten

BOK

Tøddel Blisterplytt

Forfattar: Rune Belsvik

Roman for barn i alle aldre

Forlag: Cappelen