Musikk betyr alt for Alise Ask. Boka begynner med at pianoet ho har brukt i mange år blir bytta ut med eit stort og kostbart flygel som ho nesten ikkje tor røre. Ho skal debutere i Grieghallen snart. Først skal ho ha ein huskonsert heime, med masse gjester. Ho skulkar skulen, går i svevne om nettene — i det heile, noka vanleg tenåringsjente er ho ikkje. Det er den ekstremt kjenslevare kunstnaren Alise som fortel, det er omgjevnadene og verda sett med hennar augo vi møter. Ho har ingen vener, bortsett frå ein gitarist ho møter ei natt - etter å ha gått i svevne. Mor hennar, også ho ein gåverik musikar, er plassert på ein institusjon. Stemora og faren skjønar henne ikkje, ein halvbror i trøbbel kan ho ikkje fordra. Språket er finstemt og bilderikt, ofte med musikalsk klangbotn. Alise er eit musikkgeni vi kjem tett på, ei jente i dei vanskelege tenåra som grip fatt i oss.

Likevel skurrar det. Forfattaren har på 250 sider også sett av plass til stoffmisbruk, holocaust, total mangel på empati - det blir for mykje av det vonde. Ei innstramming hadde gjort godt, slik at Alise (edel, nobel) Ask (den første mannen i norrøn mytologi) kunne stå tydeleg fram for oss. Men, for all del, debutanten er eit litterært talent, og eg ser fram til fleire bøker av henne.

siv østrem bokomslag9788252180398.ashx.jpeg