BOKForfattar: Inge Ebert Johansen:Tittel: TYSKUNGENRomanForlag: SamlagetKvardagsskildring frå eit nedslite Nord-Noreg.Eg-personen i denne romanen er frå Andøya i Nordland, og vi møter han like etter at krigen er slutt våren 1945. Han er i 9-10-årsalderen, og skal opp i storskulen. Romanen er eit frittståande framhald av Krig i kalosjar (2001). Vi følgjer ein familie og eit lite, fattig utkantsamfunn gjennom ca eit år. Det er ei kvardagsskildring frå eit nedslite Nord-Noreg. Det er kampen for den daglege føda vi opplever, heilt konsekvent sett gjennom augo til eit barn. Framleis er tuberkulose eit mareritt, framleis er det legen både barn og vaksne går til når tannverken herjar. I bakgrunnen høyrer vi om Quisling og dødsdommen han fekk, Gerhardsen og Hambro kjenner også gutungen namnet på. Det same gjeld atombomba og andre storhendingar. Men det er dagleglivet til mor og far, til sysken, til bestemor — det er det daglege strevet med jorda, med dyra, med fisken det først og fremst handlar om. Guten maktar ikkje alltid å skilje det verkelege frå fantasien, så både ulven og bjørnen er tidvis sterkt til stades.Framom alt er dette ei bok som formidlar korleis guten sansar første etterkrigsåret: lukt, smak, lyd, varme og kulde. Språket er nynorsk med sterke innslag av dialekt frå Andøya, og det er barnets språk. Konsekvent lukar forfattaren bort vaksen tankegang, vaksenspråk. Så underleg det kan høyrast, dette grepet gjer at romanen til tider blir ganske krevjande for ein vaksen notidslesar.Bjarne Tveiten