Dette er andre boka om Doppler, og her er Loe — synst eg - på bærtur. Andreas Doppler, sonen Gregus og Bongo (elgen) frå første boka vandrar inn i dei svenske skogane. Her treffer Doppler ei hasjrøykande 92 år gamal dame, Maj Britt. Inga A4-kvinne!

Det same kan trygt seiast om den aldrande speidaren og undulatelskaren von Borring. Mai Britts ektemann hadde i si tid ideen til ein av volvolastebilane, men får inga anerkjenning. Gregus og Bongo får raskt nok og stikk av. Opprøret mot det flinke, mot A4-livet, dunstar bort og vert erstatta av noko som i alle fall eg oppfattar som apati.

Litterært gjer forfattaren mange, i og for seg spennande, grep. Både Erlend Loe sjølv og vi, lesarane, kjem direkte til syne. Han sparkar til kritikaren Ingunn Økland og har fått forlaget til å sette inn ei side med eit fuglebilde! Det naive, meir eller mindre absurde, som har vore eitt av Loes positive kjenneteikn, har i denne romanen blitt ytre staffasje. Av og til får han oss til å le, men heller ikkje det ironiske, skeive blikket - også eit Loe-kjennemerke - synest eg fungerer særleg godt i denne boka.

Og kva er det eigentleg forfattaren har villa med denne romanen? Noko må det vel ha vore, men eg får i alle fall ikkje skikkeleg fatt i kva det er. Eg slutta omtalen i fjor med at eg såg fram til oppfølgjaren. Det skal eg, trass alt, gjere denne gongen òg.

Bjarne Tveiten

BOK

Volvo Lastvagnar

Forfattar: Erlend Loe

Roman

Forlag: Cappelen