Eg-personen i romanen «I lyset», Arne, er 10 år gamal. Tidsmessig er romanen lagd til tidleg 1970-tal. Arne bur saman med mor og far i utkanten av ein liten norsk småby, nær ei nedlagd sølvgruve. Far arbeider på fabrikk, mamma lagar mat og steller hus — ytre sett kan alt verke svært normalt. Men det er mangt som ikkje stemmer. Mor har store psykiske problem, ho må på sjukehus eit par gonger.Det er ein vakker, sår roman dette. Far og mor vil så gjerne leve eit godt familieliv, men etter at mor blei sjuk, blir det vanskeleg. Som lesarar opplever vi problema som tårnar seg opp - sett med augo til 10-åringen. Han går og handlar for mamma, han vaskar opp, han legg seg inntil mamma på senga, og vi veit ikkje heilt kven som treng nærleik og varme mest - 10-åringen eller mamma.«I lyset» er godt, litterært handverk, i ein tradisjon der Tarjei Vesaas og Sigurd Hoel har sett standardar som er noko nær umulege å halde. Mykje er usagt, mykje berre er der, mellom linjene. Merksemd og omtanke kjem fram i små, men viktige handlingar. Same kor sårt det enn er, forfattaren held seg langt unna sentimentalitet.Språket er eit kapittel for seg sjølv. Det som skjer mellom dei vaksne blir opplevd av 10-åringen, men forfattaren har valt å formidle tankane og kjenslene hans med eit - stort sett - vaksenprega, sanseleg og avdempa språk. Det fungerer faktisk godt. «I lyset» gav meg ei god leseoppleving.

BOKForfattar: Håvard Syvertsen:Tittel: I lyset, romanForlag: AschehougBjarne Tveiten