BOK

Gutten på passbildet

Forfattar: Espen Haavardsholm

Roman

Forlag: Oktober

La det vere slege fast straks: Gutten på passbildet er ein svært god roman, etter mi meining den suverent beste Haavardsholm nokosinne har skrive. Heilt uvanleg er det sjølvsagt ikkje, å skrive sterkt sjølvbiografisk, men i denne romanen går forfattaren svært langt. I rammeforteljinga kallar han romanfiguren sin, Nils, rett fram for Espen. Litt om handlinga og den litterære konstruksjonen først.

Rammeforteljinga, med Espen som hovudperson, sit hausten 2003 og filosoferer over korleis det siste året har snudd opp ned på livet og bildet hans av verda. Utan å røpe for mykje, mamma har døydd, og minna strøymer på. Romanen han held på å skrive, endrar karakter. Likevel er det ikkje noko spesielt sympatisk bilde av mora Haavardsholm teiknar i romanen, snarare tvert imot.

Retrospektivt får vi innsyn i kva som hende då han var fire år, i 1949 — ganske særleg det at mor hans blei tvinga til å ta ein seinabort, slik at Nils slett ikkje får nokon verkeleg veslebror. Ein fiktiv ein får han likevel, ein som det ikkje er enkelt å bli kvitt.

Men det er åra 1959/1960 som utgjer hovudtyngda i denne romanen. Nils - les gjerne langt på veg Espen - er 14 år og opplever dei tidlege tenåra i eit kulturradikalt miljø. Nevrologen og psykiateren Odd Havrevold, kalle Eden i romanen, hadde store delar av den norske kunstnareliten som klientar etter 2. verdskrigen, og det er i og rundt dette miljøet den historiske ramma er lagt. Lett attkjennande er Sigurd Hoel, i romanen berre kalla s - for å ta eit døme. Men - tilbake til Lars. Han har nettopp flytt frå mamma i København til far, stemor og halvsyster i Oslo. Han og bestevenen Zack, eller Zackarias som han eigentleg heiter, er like fulle av testosteron som gutar i den alderen gjerne er, og kikkar sjølvsagt på den unge nabokona som «gløymer» å trekke for badegardinene. Kvifor gjer ho det? Og kvifor blei mor til Nils sendt til København? Nabokona som slurvar med badegardinene er gift med ein av lærarane til gutane - og flørtar nokså ope med i alle fall ein av to farga, unge menn som har arbeidet sitt på NATO-basen Kolsås. Dei to viser seg å ha sider som verken har med jazz eller militære løyndomar å gjere, og eitt av resultata er at Nils ligg det meste av påska med sterk feber - etter ei seksuell oppleving som set spor etter seg for resten av livet. Men også her er forfattaren på sin måte svært diskret - for å seie det slik. Ein av dei personane eg er rimeleg viss på at i all hovudsak er oppdikta, er Gun, jenta som er eitt år eldre enn Nils - men som han likevel er oppover øyro forelska i.

Gutten på passbildet råka meg midt i solar plexus. Haavardsholm er fødd i 1945, eg i 1942. Og sjølv om det er langt frå Homansbyen til Breive og Setesdal; lesinga av denne romanen gav meg den eine aha-opplevinga etter den andre.

Bjarne Tveiten