Felespelaren Daniel Sandén Warg og munnharpespelaren Sigurd Brokke er ute med si andre plate med tittelen «Rammeslag», nå med eit romartal to lagt til. Dei to unge folkemusikarane held stilen frå førre album, og vel så det. Etnisk Musikklubb står bak utgjevinga og innspelinga er gjort i Garane grendehus i Brokke i januar i år. CD-boka er svært velutstyrt, vakker i design og med eit rikt biletstoff, og velforma kommentarar til kvar einaste slått. Ikkje minst vert det gjort reide for korleis slåttane har vandra frå spelemann til spelemann, nokre gonger både fram og attende over Atlanteren, før det har fått den utforminga me høyrer på akkurat denne plata. Gangarar dominerer, men her er og funne plass til slåttar i 6/8 takt, som til dømes den lyriske Faremoen. Her er slåttar med trollstille og gorrlaust spel, og her er munnharpespel som ein knapt trudde mogeleg. Eit særpreg hos båe musikarar er eit svært klårt uttrykk, eit stramt og drivande spel, med stø rytme markert med både føter, finger og boge – stundom reint fortrollande i uttrykket. Dei er tradisjonsberarar, ja vel, men dei er og fornyarar innanfor sjangeren. Med tradisjonen som springbrett er dei rett som det er i ferd med å skape noko nytt. Både musikalsk og teknisk er det toppkvalitet over denne innspelinga.