Les flere bokanmeldelser her!

Dette er ein svært god og viktig roman. Line Baugstø har utvikla seg til å bli ein førsteklasses litterær handverkar.

Som ung jente budde hovudpersonen Gro nokre år i Tanzania, der faren arbeidde med bistand, og ho gjekk på skule. Ho møtte dessutan John – ein mann ho aldri har greidd å gløyme. Når vi møter Gro våren 2005, er ho 36 år gamal, gift med Harald, tobarnsmor og frilansjournalist. Ein telefon frå Sri Lanka gjer det muleg for Gro å realisere ein draum ho har gått med sidan ungdomsåra i Tanzania: å kome seg ut i verda og arbeide med ei eller anna form for uhjelp. Harald, som er arkitekt, får tilbod om å jobbe på eit stort prosjekt på Sri Lanka, nærare bestemt eit prestisjetungt fredssenter i Arugam Bay. Dette området på austkysten av øya blei hardt ramma av tsunamien den 26. desember i 2004. I desember 2005 reiser familien til Sri Lanka. Med i bagasjen – for Gro – er draumen om å treffe John att. Ho trur at han kanskje held til på den tropiske regnskogsøya. Utover i 2006 bryt den usikre våpenkvila mellom LTTE (Tamiltigrane) og den singalesisk dominerte regjeringa saman. Arbeidet med fredssenteret står i stampe, bistandsarbeidarane klagar over korrupsjon. Det er mange på Sri Lanka som ikkje synst eit fredssenter er nokon god ide, og Erik Solheim blir etter kvart eit skjellsord i vide krinsar i Sri Lanka.

I botnen ligg ei fin kjærleiksskildring, men det er norsk uhjelp forfattaren er mest oppteken av denne gongen, og kritikken er både klår og sterk. Er Ola og Kari for naive når det gjeld bistand? Bruker vi uhjelpa for å betre samvitet – vi som bur i eitt av dei rikaste landa i verda? Er det heilt sikkert at alle våre verdiar er betre enn alle andres? Forfattaren stiller mange og sentrale spørsmål med norsk uhjelp generelt – og til Sri Lanka spesielt. Ho viser at det – medvite eller ikkje – ofte ligg ei ”ovanfrå og nedhaldning” under handlingane uhjelparane utfører. Det støkk i meg når forfattaren fortel at dei kvite familiane tilset ein ”boy” – eit ord som luktar imperialisme og tru på eigne overlegne eigenskapar på dei fleste vis. Og dessutan – det blir mange lunsjar og andre samankomer for bistandsarbeidarane, med eller utan familie. Eit sentralt samtaleemne er tenestejentene / gutane som blir påstått å vere notorisk uheiderlege.

Dette er ein svært god – og viktig roman. Line Baugstø har utvikla seg til å bli ein førsteklasses litterær handverkar. Romanen er rein fiksjon, men det faktum at ho sjølv har opphalde seg på Sri Lanka saman med ein mann som arbeidde med bistand, gjer at boka har fått ein ekstra dåm av realisme. Eitt konkret eksempel er måten ho greier å formidle sanseopplevingar, ikkje minst lukt— og synsinntrykk. ”Regntid” bør vekke oppsikt, bør føre til ein seriøs, politisk debatt om norsk freds- og utviklingsarbeid. Viss eg med ei setning skulle oppsummere det eg meiner er hovudbodskapen til Baugstø, måtte det bli:

Ja, vi skal bruke pengar og andre ressursar på fredsarbeid, på uhjelp, på naudhjelp – men det er på høg tid at di diskuterer både mål og midlar.