Forlag: Tiden

Ein septemberdag i 2006 blir fotografen Jonathan Becker vitne til at ein mann set fyr på seg sjølv utanfor eit kunstmuseum som denne dagen skal opne ei sterkt omdiskutert utstilling. Nærast automatisk filmar han hendinga med mobiltelefonen og hastar til mediahuset han arbeider for. Etter kort tid ligg filmsnutten på nettet. Eit anna vitne til hendinga er Kaja West, ansvarleg for den nemnde, kontroversielle utstillinga, som mellom anna viser bilde av tortur av menneske. Vi følgjer båe to fram til den dramatiske hendinga – og etterpå. Både Becker og West er reflekterte menneske, båe har kjærastforhold som skal ivaretakast. I bakgrunnen fortel forfattaren om ei rekke autentiske, dramatiske bilde som på ulikt vis har gjort noko med lagnaden til fotografen. Desse forsterkar og utdjupar den fiktive hendinga der – viser det seg – ein tidlegare norsk soldat i Afghanistan heller bensin over seg sjølv og deretter nyttar lighteren. Forfattaren har visuell kultur som spesialfelt, og viser gjennom romanen korleis etterdønningane etter eit bilde / ein filmsnutt fangar både observatør og fotograf.

Sekundet før er ein fascinerande og god roman om visuelle media og kva verknader dei kan få. Likevel er det noko som skurrar. La meg seie det slik, personane blir for meg meir prega av akademia enn av humaniora. Akademikaren Vågnes har fleire og sterkare årsaker til å vere nøgd enn fiksjonsforfattaren Vågnes.