Det var i utgangspunktet i september at Tom Cruise, Henry Cavill og Rebecca Ferguson skulle til Preikestolen for å spele inn dei dramatiske sluttscenene til den nye Mission Impossible-filmen.

Men så skada Cruise foten og opptaket blei utsatt på ubestemt tid. No er det klart at datoen er satt til tidsrommet 2. november til 11. november. Det opplyser Audun Rake, dagleg leiar i Lysefjorden Utvikling AS og Stiftelsen Preikestolen.

Stengt tre dagar

Under sjølve opptaket, 8., 9., og 10., blir adgangen til Preikestolen heilt stengt.

Dei andre dagane kan turistar komme fram til utsiktspunkt like ovanfor platået.

Jupiter Springs Productions Ltd og deira norske kontakt Truenorth Norway AS understreker at det kan bli forskyving med eit par dagar dersom vêret ikkje er godt nok.

Plussgrader

Statistikk som Meteorologisk institutt har henta ut for Aftenbladet, viser at det ved målestasjonen på Liarvatn var ein gjennomsnittstemperatur på 2,5 i november i fjor. Ser ein dei siste fem åra samla, har gjennomsnittstemperaturen vore på 4, 5 eller 6 grader.

Liarvatn, som ligg på grensa mellom Strand og Hjelmeland, er rundt 300 meter over havet og truleg mest representativ for Preikestolen-vêret, ifølgje klimavakt Anne Solveig Andersen. Månadens kaldaste dag var på −8,9 grader.

Med sine 604 meter over havet kan det vere snø på denne tida av året, men ifølgje Rake skal det svært mykje til før det ikkje blir innspeling no.

– Det er ofte dårleg vêr så seint på hausten og der kan óg vere snø. Dei klarer fint å gjennomføre, men det kan ta litt lengre tid. Å utsette til våren har aldri vore aktuelt. Då vil dei ikkje få løyve til å fly helikopter på grunn av hekkande fuglar, så dermed må filminga skje før vinteren, seier Rake.

Nesten 300.000

Preikestolen ligg an til å nå mellom 290.000 og 295.000 besøkande i år. Kvart år aukar talet, i år med opptil 10.000. På dei mest spesielle dagane har det vore mellom 6000 og 7000 turgåarar på toppen. I november er det maks 100.

– I november er det sjeldan meir enn hundre besøkande på ein dag og det er ingen organiserte grupper som kjem på denne tida. Så kan det alltids verte noko fleire besøkande i år dersom folk kjem for å sjå på filminga.

Planen for filminnspelinga ser slik ut:

  • Forarbeid: Torsdag 2. - tysdag 7. november.

  • Opptak: Onsdag 8. - fredag 10. november

  • Nedrigg: Laurdag 11. november

Fryktar ikkje snøen

Per-Henry Borch i produksjonsselskapet Truenorth Norway uttala tidlegare i haust at innspeling om vinteren ikkje vil bety anna enn at det blir kortare innspelingsdagar.

– Med så lite snø som de har i Rogaland, blir det ikkje noko problem. Vêrhardt kan det jo vere hele året. Kjem det snø, får vi berre koste den bort.

– Det positive med å spele inn om vinteren er at det er ein sesong med mykje mindre aktivitet i området. Det kan bidra til å marknadsføre Preikestolen som eit heilårsturistmål, slik at ikkje «alle» kjem i august, sa han vidare.

Eit par hundre mennesker kjem til å vere i sving under arbeidet med filminnspelinga. Filmselskapet har fått løyve til inntil 50 helikopterlandingar per dag.

I tillegg er det søkt om å stenge delar av parkeringsplassen ved Lauvvik. I søknaden skriv Truenorth Norway AS at dei ønsker å nytte parkeringsplassen som base for produksjonen og bruke eit jorde i nærleiken for å lande med helikopter.