— Dette syndromet gjennomsyra heile samfunnet. Folkemusikarar vart forfølgde av kyrkja og kristenfolk bokstaveleg tala til grava si rand. Feler vart knuste og brende, og svært mykje av folketonearven har gått tapt. No er dei som hadde desse haldningane for det meste borte, og det kan vere tida for å ta eit oppgjer med dette, seier Hallvard T. Bjørgum.

Den kjente spelemannen frå Valle i Setesdal kom tidlegare i sommar ut med DVD- og CD-utgjevinga «Taddeivs Minne 1» i samarbeid med Daniel Sandén-Warg.

Måleriet "Ein leksjon" frå Valle 1927 av Lars Osa. Denne lagnaden ramma mange hardingfeler. Frå boka "Setesdal Spelemannslag 50-årssoge, 1981, eige forlag ved Lande og Bjørgum. Foto: Ukjent

Med innspelinga heidrar dei materialet og arbeidet til særleg Torleiv (Taddeiv) Bjørgum (1921 — 1990) som var far til Hallvard T. Bjørgum. I eit vedlagt hefte har Bjørgum skrive ei tekst der han også går hardt ut mot det han meiner kyrkja og kristenlivet har gjort av skade på folkemusikkarven. «Det kan etter mitt skjøn kvalifisere til ei offentleg orsaking frå så vel Den Norske Kyrkja som frå Den Norske Staten», skriv Bjørgum.

Taliban

— Utan samanlikning for øvrig vil eg seie det som skjedde kan jamførast med ting Taliban no held på med. Dei knuser kassettspelarar og straffar folk som høyrer på musikk, og musikkinstrument vert brende offentleg. Eg ser ikkje større skilnad på dette og å knuse feler. Far min var veldig prega av dette presset. Då han kom for å spele på ein auksjon på grannegarden drog jentene skautet framfor augene og sprang, for berre det å sjå på ein spelemann var synd for dei. Slike haldningar kunne vi sjå spor av heilt fram til for berre 15- 20 år sidan, seier Bjørgum.

— Kva meiner du ein kan oppnå med ei unnskyldning til folkemusikken?

Bot for skaden

— Grupper som samar og taterar har fått sine orsakingar for at det offentlege Noreg har prøvd å utrydde kulturane deira. Etter ei slik unnskyldning ser vi at det lett følgjer etter midlar til å bøte på skadane. Det er ingenting som ikkje til sjuande og sist kan knyttast til pengar, og vi her i Setesdal ligg i dag godt an til å kunne take vare på det som er igjen av arven, seier Bjørgum. Han strekar under at det ikkje er til seg sjølv han ønskjer ei slik unnskyldning.

— Den kan til dømes rettast til FolkOrg - Norsk organisasjon for folkemusikk og folkedans, seier han.

Nære på

følgje Bjørgum var det svært nære på at heile folkemusikkarven i agderfylka vart utrydda då trykket frå kristenfolket var som hardast mot slutten av 1800-talet og inn på 1900-talet. Nærområde til Setesdal slik som Sirdal og Fyresdal miste folketoneskatten sin heilt, med unnatak av det som vart berga av spelemenn frå Setesdal.

Mykje av folketonearven frå Setesdal overlevde fordi spelemannen Knut Jonson Heddi (midten) ikkje let seg presse til å legge vekk fela. Her er han saman med felemakar Torleiv Frøyså (t.v.) og spelemannen Jørund Nordgaard etter at Heddi har fått gullmedalje frå Agder Spelemannslag i 1934. Foto: Ukjend

— Eit døme: Hallvard Rysstad reiste til Fyresdal og lærde av spelemannen Peter Veum. Så reiste Hallvard til Amerika i 1904. I landet der fridomen sat i høgsetet freista han lykka med fela. Men dei økonomiske kåra var dårlege, og det var berre såvidt han fekk kara seg heim. Kameraten hans som var nevøen til spelemannen Knut Heddi berre forsvann derover. Og hadde ikkje Hallvard klart å kome seg heim til Setesdal hadde vi vore 30 - 40 prosent fattigare i dag. Hallvard var eleven til Knut Heddi som også var lærar på Brokke skule. Heddi vart utsett for eit voldsomt press frå samfunnet om å slutte med spelet. Dersom han ikkje hadde vore så sta, og dersom Hallvard Rysstad ikkje hadde kome attende frå Amerika, då hadde vi sitte igjen her med null, seier Hallvard T. Bjørgum.

Katalysator

— Kvifor trur du presset mot folkemusikken var så sterkt?

— Dei kjende at åndshegemoniet til kyrjka var truga, seier Bjørgum. Han trur ikkje den eigentlege grunnen til at kristenfolket ville folkemusikken til livs ligg i det som vanlegvis vert trekt fram, nemleg at musikken var knytt til dans og drikk.

— På den tida var det lovar som baud bønder å brygge ei viss mengde øl, og det vart drukke i alle samanhengar anten det var spel eller ikkje. Ein endte til slutt i eit sirkelargument om at dans førde til drikk og at drikk førde til dans, og det var spelet som var katalysatoren, seier Bjørgum.

— Eg har ikkje sjølv noka kristentru, men kallar meg «kulturkristen». Men eg har lese Bibelen fem gonger, mellom anna fordi dette var den einaste filosofiboka som fanns i bondesamfunnet. Det kan høve å avslutte med nokre ord frå Predikaren si bok 3. 15, seier Bjørgum:

: «Det som hender, hev vore til fyrr, og det som kjem til å henda hev og vore til fyrr; Gud leitar uppatt det framfarne.«

Dette gjeld også i folkemusikken, minner han om.

«Tull å be om unnskyldning«

Theis Salvesen sette seg som mål å bli kvitt motvilja mot dans i kyrkja då han var sokneprest i Valle og Bykle. Her dansar han sjølv (t.v.) gangar med Sondre Hoslemo i midtgangen på Bykle kyrkje i 2007. Foto: Johs. Bj_rkeli

Theis Salvesen, tidlegare sokneprest i Valle, synest det er noko tull at kyrkja skal be om unnskyldning for at folkemusikk har gått tapt.— Hallvard Bjørgum er ein fin fyr, men det er tull når han seier at det kan høve med ei unnskyldning frå kyrkja, seier Theis Salvesen. Han var sokneprest i Valle og Bykle frå 1989 til 2007, og kan stadfeste at det i soknet heilt opp til vår tid har eksistert motvilje mellom kristenfolket mot folkemusikk og dans.

— Då eg kom hit var noko av det første eg fekk høyre frå dei mest aktive i kyrkjelyden at vi ikkje måtte ha fele i kyrkja. Då sette eg meg som mål at eg skulle rydde vekk desse haldningane før eg slutta, og det klarte eg. Rett nok var det ei som melde seg ut av kyrkja då vi hadde folkedansmesse, men elles tykte alle etter kvart at dette var greitt, seier Salvesen.

— Kvifor er det tull at kyrkja skal be om unnskyldning for det som har hendt?

— Dette med at dans og spel er synd har aldri vore kyrkja si offisielle haldning. Det har ikkje vore skrive nokon stad.

— Men når det står skrive i «Gamalt or Setesdal» at presten les svovel og eld over båra til ein spelemann som skal begravast?

— Då er det fordi den presten var sær, og sære folk vil ein finne overalt til alle tider, seier Salvesen. Han meiner det er frå lekmannsrørsla og bedehusmiljøa desse haldningane kjem, og at det difor vert gale om kyrkja skal unnskylde det som skjedde.

Historisk belegg

IMG_Bj_rg_Seland.jpg_1_1_OJ5G8ID.jpg Foto: Olsbu, Erlend

— Eg kjenner att motivet med at feler blir brende på bål. Dette er mellom anna kjent i tradisjonsmateriale frå Telemark. Det handlar om spelemenn som vil gjere opp med fortida og byrje eit nytt og betre liv, seier Bjørg Seland. Ho er professor i historie ved UiA, og har mellom anna vore med å gje ut boka «Vekkelsesvind - den norske vekkingskristendommen.- Det er god historisk dekning for det Bjørgum seier om dette. Det heng saman med ein kulturkamp som fann stad etter at den kristelege lekmannsrørsla hadde vunne fotfeste, seier Seland,.

— Etter kvart kom det til eit oppgjer med fest- og samværsskikkar frå det gamle bondesamfunnet. Vi må hugse at rusdrikk var eit større problem på 1800-talet enn vi gjerne er merksame på i dag, og det kunne være fornuftige grunnar til at ein ville bli kvitt dette. Musikk og dans vart gjerne knytt til drikking, og så samla ein alt dette saman til ei pakke ein ville bli kvitt. Du kan godt seie at barnet vart kasta ut med badevatnet, seier Seland.

I 1824 kom «Det store umbrotet» i Valle, ei religiøs vekking som førte til at mange lova å halde seg borte frå drikk, dans og ikkje minst slåsting. Frå Viken i Valle er det skrive om den årvisse tolvtidagsfesten: «Dei slost so det var på livet. Heile tunet var blod». Frykta for valdsbruk knytt til drikking var stor mellom mange.

Bjørg Seland fortel at dei religiøse vekkingane på Agder først slo inn med full tyngde i Setesdal i mellomkrigstida.

— Men vekkingskristendomen hadde altså gjort seg gjeldande der mykje før. Kulturkampen hardna då den frilynte ungdomsrørsla vaks fram mot slutten av 1800-talet. Denne hadde rot i venstreopposisjonen, men arbeidde også for ei nasjonal kulturreising, og tok opp att og dyrka folkekunsten med musikk og dans, seier Bjørg Seland.