Ole Robert Sunde: Den sovende stemmen

Roman

Gyldendal I tidsskriftet "Vinduet" skreiv Eivind Røssaak i 1994 ein artikkel med tittelen "Lesing og mening", der det heiter: "Det fins romaner man bare kan nærme seg, men aldri forstå. Disse lever ofte et skjermet liv utenfor de store medieoppslag, så sant de ikke dras inn i sirkulasjon for å skjelles ut. Ole Robert Sunde skriver slike bøker." Eg kan ikkje anna enn å seie meg samd. Eg har bruka masse tid på "Den sovende stemmen", ein roman på vel 300 sider, utan avsnitt og nesten utan punktum, og eg erklærer at denne romanen skjønar eg ikkje. Nærmar meg? Kanskje, men eg er ikkje sikker. Konkret er dette ein eg-roman der eg ikkje finn nokon reell episk intrige. Mot slutten skjønar vi at mora til "eg" er død. Det er kanskje eit hint om at "Den sovende stemmen" dels er eit slags underleg familiekrønike. La meg understreke dels. Mellom det som fort slår ein lesar er i alle fall dette: Sunde fortel om tallause detaljobservasjonar, ofte sanseprega. Det vrimlar av undrande refleksjonar, utan konklusjonar. Sunde har tvillaust lese enormt mykje, og legg ikkje akkurat skjul på det. Marcel Proust, James Joyce og William Faulkner må vere blant favorittforfattarane hans. Antikken ser ut til å vere ei inspirasjonskjelde; for meg eit mysterium. Vidare er, etter mi meining, ord som fragment og fragmentarisk nøkkelord. Å lese Sunde kan opplevast omtrent som å sitte framfor tv-skjermen med tilgang til 50 kanalar og systematisk skifte mellom dei kvart 10. sekund. Dei første minutta, kanskje den første halvtimen, kan dette vere ganske spennande. Etter ein time eller to, når du har vore innom alle kanalane X gonger, er du grundig mett! La meg likevel legge til, Sunde er ingen litterær sjarlatan. For å bruke dei 50 TV-kanalane som bilde ein gong til, ein del av kanalane skil seg etter kvart ut som meir sentrale enn andre. Dei dukkar opp — og blir borte att. Om att og om att. Og om att. For meg ligg det verkeleg problematiske akkurat her. 310 sider blir for mykje - av det gode? Eg blir lei av Proust, av Joyce, av Faulkner, av Claude Simon, eg keiar meg. Det mylderet av mentale bilde som flimrar forbi meg medan eg les, sluttar etter kvart å engasjere meg. I det vesle formatet er Sunde ein spennande forfattar, men på meir enn 300 sider er eg ein av dei som "dett av lasset". Ole Robert Sunde er eit spesielt tre i den norske, litterære skogen. For kulturnasjonen Noreg er det eit godt teikn at han faktisk får høve til å presentere bøkene sine for publikum. "Slik kan eg tenka meg å bli gammal: Å skriva på ein kjemperoman." Sitatet er henta frå eit intervju Tor Obrestad hadde med Sunde i 1996. Dette er 5. frittståande bindet i det som ifølgje forfattaren er eit livslangt prosjekt. Eg er framleis interessert, men treng det bli 300 sider neste gong? Bjarne Tveiten