Johan Harstad debuterte i 2001 med Herfra blir du bare eldre, ei samling med prosastykke der meisterkloa var godt synleg. Novellesamlinga Ambulanse (2002) dokumenterte ettertrykkeleg at Noreg hadde fostra ein ny, ung diktar. Romanen Buzz Aldrin. Hvor ble det av deg i alt mylderet? viser at forfattaren også beherskar romansjangeren.

Hovudpersonen, gartnaren Mattias frå Stavanger, er fødd 21. juli 1969 klokka 04.15, samtidig som Buzz Aldrin steig ut av romskipet Eagle på månen, nærare bestemt på Stillhetens hav. Han var nummer to, etter Neil Armstrong, og som nummer to blei han snart gløymt.

Buzz Aldrin blir Mattias' ideal. Han som aldri stikk seg fram. Mattias har ei flott songstemme, men vil ikkje nytte talentet sitt. Idealet hans er han som liksom blir borte — i klassen, på jobb - som er usynleg. 17 år gamal finn han Helle, kvinna med stor K i livet hans. 12-13 år seinare misser han henne. Samstundes går gartneriet der han arbeider overende og han misser jobben - og grepet om livet sitt.

Som såkalla lydmann for eit band med namnet Perkleiva kjem etterkvart Mattias til Færøyane. Der klikkar det fullstendig. Han blir plukka opp av Havstein, ein psykiater som bur i ein nedlagt fabrikk. Litt etter litt forelskar han seg i ein kvinneleg medpasient, og begynner på ein omstendeleg og krunglete veg tilbake til eit nokolunde alminneleg liv. Vegen fører blant anna til Karibia - i sjølvbygt båt.

Buzz Aldrin. Hvor ble det av deg i alt mylderet? er ein fascinerande roman. Forfattaren nyttar historiske hendingar som delar av bakteppet. Diverse sitat av Jan Erik Vold, R.E.M., deLillos og The Cardigans, for å ha nemnt nokre, er også med i det høgst mangesidige lerretet forfattaren set dei oppdikta personane sine i relieff mot.

Språket er variert, frå korte, hoggande setningar i direkte tale, til lange tiradar der forfattaren set komma og ikkje punktum. Harstad prøver tydeleg også på å la personane sine få ein, skal vi seie, språkleg identitet, men her synst eg ikkje alltid at han lykkast like godt.

Hovudinnvendinga mi er likevel volumet. 630 sider og vel så det vert i meste laget. Sjølv om forfattaren teiknar med brei penn, sjølv om han utetter i boka skal gje mange personar kjøt og blod, det vert for mange ord. Spesielt der han i dialogform presenterer sidepersonar blir det for mykje av det gode.

Men, for all del, boka kosta meg ei svevnlaus natt. Det er alltid eit godt teikn. Eg kunne umuleg legge ho frå meg, før siste side var lesen, før eg hadde konstatert at forfattaren hadde kome så langt som til 2019, med ein Mattias som hadde både kone og barn - og eit relativt normalt liv?

Eller?

Trass i innvendingane mine, Buzz Aldrin. Hvor ble det av deg i alt mylderet?, dette er ein roman du bør lese.

Bjarne Tveiten

**BOK

Buzz Aldrin. Hvor ble det av deg i alt mylderet?**

Roman

Forfattar: Johan Harstad

Forlag: Gyldendal