GRENDI: — Vi hadde lyst til å fylle det gamle sanatoriet på Landeskogen med kulturell aktivitet, og det trong ikkje vere så folkeleg. Det er mange meir joviale ting som skjer i Setesdal.

Samstundes er det da også mange forfattarar sin draum å hamne på sanatorium, spøkjer Hind Røynesdal.

Det er ho og Gunstein Bakke som 10. juli arrangerer Landeskogen Litteraturfest i Grendi i Bygland, Setesdal.

I matsalen på det nedlagte Landeskogen sanatorium skal kjende namn glede publikum med både ord og tonar. Paal-Helge Haugen frå Valle skal til dømes lese opp frå punktromanen "Anne" som handlar om ei jente med tuberkulose.

Første gong på tiår

— Romanen kom i 1968, og no skal Haugen lese opp frå han for fyrste gong på fleire tiår. Opplesinga er tonesett av Daniel Sandén-Warg, seier Røynesdal.

Trude Marstein, Morten Langeland, Gunstein Bakke, Gunnar Wærness og Henrik Skotte er mellom dei andre innslaga. Dei to sistnemnde har samarbeidd om cabareten "Om brødet og eselet" der dei sameiner poesi, myte, musikk og politisk spekulasjon. Bernhard Ellefsen er konferansier. Han er også kjend som litteraturkritikar i Morgenbladet.

— Dessutan har vi eit gratis barneprogram ved Gro Dahle på ettermiddagen ute i parken rundt sanatoriet, seier Røynesdal.

Brei støtte

Norsk forfattersentrum Sørlandet er ein av samarbeidspartnarane:

— Det er eit utruleg bra program, og eg trur folk blir veldig pirra når dei får sjansen til å gå på eit slikt arrangement i Setesdal, seier leiar Irene Gressli Haugen.

Forutan Norsk forfattersentrum (10.000 kroner) er tiltaket stødd av Norsk Kulturråd (30.000 kroner), Fritt Ord (40.000 kroner), Bygland kommune (10.000 kroner) og Region Setesdal (10.000 kroner).

— Dessutan blir det servering av kjøtsuppe, øl, vaflar og kaffe, fortel Røynesdal.