Kjell Kistefjell har vore journalist . No livnærer han seg som konsulent gjennom sitt eige firma MadCom Analyse. Han skriv på oppdrag og leverer det oppdragsgjevaren vil ha. Det er han som fortel. Det tar til i vår eiga tid på ein bar i Kirkenes. Her møtest Plottar Doggerland, Birger Barents, Pål Likør og Bredo Battenfjell. Desse norske namna er nok snåle, men vent til du kjem til dei spanske, russiske og mexicanske namna. Handlinga i boka går føre seg fleire stader i verda; Sibir, Spania, Noreg, Mexico og Golfen, i åra frå 1939 og fram til om lag 2020, altså i ei ikkje så lite science-fiction-aktig framtid.Kapitalisme, vald og korrupsjon har utviska landegrenser og nasjonalstatar. Attende er krigande narkoregime og soldatstyrte postdemokratiske NATO-restar.

nordaustpassasjen.jpg

USA er oppløyst og her finst både kongedøme og eit rest-område styrt av Sarah Palin. Oslo heiter Thonby og Nationaltheatret er blitt bordell der dei tilsette har namn etter Ibsens kvinner. Slik går det når kapitalismen mister sin motsetnad.To brør blir skilde frå kvarandre som små born i Spania i 1939. Den eine blir send til Sovjet, den andre til Mexico. Deira ulike lagnader — og deira etterkomarar - er viktige i boka, og Kjell Kistefjell får med alle partar å gjere både før og etter at han tar på seg eit oppdrag om å spreie propaganda for Forrest "Woody" Gardener i Radio Free America. Den kompliserte handlinga er til tider drivande godt fortalt. Her er skipsforlis, orkanar og sibir-kulde som er til å få frysningar av. Den fløgstadske ord-leiken er der mykje av, og boka er krydra med "visdomsord": "Ingenting er så skadeleg som heilage skrifter, når ein ikkje les dei som fiksjonslitteratur". "Menneskesinnet er den einaste urørte villmark". Herfrå er vegen kort for både Kistefjell og Fløgstad til å kommentere Anders Behring Breivik, hans illgjerningar og hans bakgrunn frå beste vestkant.Det er lett å tenke at boka er overlessa. Samstundes er der element av spenning som driv ein til å lese vidare. Reine kriminalhistoria blir det når det handlar om Tsar-gullet og det spanske gullet som blei borte etter 1939.