Espen Haavardsholm er fødd i 1945, tre år etter underteikna. Det er kanskje ein (ekstra) grunn til at han råkar meg så sterkt. Den viktigaste årsaka er sjølvsagt at han skriv godt, og novellene hans er litterært snadder. Då eg omtala den førre novellesamlinga hans, "Noveller om ungdom" (2002), spurde eg: "Har det blitt skrive betre noveller enn dette etter at Vesaas la ned pennen i 1970? Eg trur ikkje det." "Dødsøyeblikket" er, tru det eller ikkje, endå eit lite hakk betre.

dødsøyeblikket.jpg

Ja, det handlar om døden også, men det handlar om mykje anna og, til dømes viktige val i livet. Novellene dekker tida få tidleg 1960-tal heilt til 2012. Haavardsholm har i fleire bøker vist at han har ei eiga evne til gripe og formidle det som ligg i tida. Sørleg dei to første 10-åra, altså 1850 og 1960-talet, er glimrande. Den ålmenne stemninga i etterkrigstida, anten det no gjeld økonomiske forhold eller seksualmoral (les gjerne seksualangst), råkar meg rett i solar plexus. Ryktet om at ei mørkhåra jente skal ha hatt samleie med ein ung mann, ståande opp mot den raude granittmuren under Sanderbrua (der det luktar ille av mellom anna urin), spreier seg som eld i turt gras i skulegarden på Ila skule. Gutesladderen, å eg kjenner han att, sjølv om eg vaks opp i Breive. I Oslo, som i Bykle, sex var spennande, forbode og dermed også noko som virra rundt i ein smågutskalle. Den gamle legen Karin Li er pasient på Sørlandet sjukehus (Eg). Om morgonen finn dei henne samankrøkt under senga, fullstendig forvirra. Sonen skal besøke henne, og det både gleder og gruar ho seg til. Dei får som oftast ikkje kjemien til å fungere særleg godt. Tittelnovella "Dødsøyeblikket" tar utgangspunkt i omslagsbildet av guteprinsen med fuglen i handa — og avrettingane 3. mai 1808 av Goya. "Den ikke-hvite himmelen" er ei perle. Her drøymer han om ein ikke-hvit himmel i nærleiken av dei store elvane. Dei elvane karane med dei djupaste bassrøystene held til. Slutten, som eg sjølvsagt ikkje skal røpe, er både overraskande og elegant.

Det som, etter mi meining , gjer desse novellene så spesielle og sterke, er måten han skriv fiksjon med utgangspunkt i eigne opplevingar og erfaringar. Det er på mange måtar å operere i ureint farvatn. Det er ekstremt stor fare for å trø gale. Men Haavardsholm er reflektert, han han er eit utprega litterært skolert menneske som elegant styrer unna fallgruvene. Det er ikkje første gongen han gjer det, og neppe den siste heller. Det er nok å minne om Nils Hå, forfattaren sitt alter ego i bøkene "Gutten på passbildet" (2004), "Tjue" (2006) og "Bildet på baksiden" (2008). Nils Hå dukkar forresten opp i denne novellesamlinga også. Til slutt eit hint til lærarar i vidaregåande skule: I "Dødsøyeblikket" er det mange godbitar til skulebruk.