Forfatter: Berit Svensen

Sjanger: Forteljing

Forlag: Kolofon

Den sentrale historia (i alt er det tre forteljingar) følgjer Greta frå ho som lita jente følgjer mor si når ho hjelper kvinner som skal føde. Etter eit forferdeleg, seksuelt overgrep då ho var lita jente, utført av faren, vågar mora aldri å la Greta vere heime når ho dreg til gardane. Fjorten år gamal lyt hovudpersonen reise heimanfrå.

Ho drøymer om å bli såkalla hjelpemor, som mora var. Etter mykje om og men får Greta ei god stilling som hjelpemor på Barnebørdshuset i ein svensk by, Borg. I 1778 blei det i Sverige vedteke ei lov som tok frå alle barn fødde utanfor ekteskap rettstryggleiken deira. Dei såkalla «englemakerskene» tok mot såkalla «uekte» — og uønskte - barn til oppfostring, sjølvsagt mot betaling. Styresmaktene heldt seg unna, og forsking tyder på at fleire hundre barn ganske enkelt blei sporlaust borte.

«Englemakersken» er ei vond bok å lese, forferdeleg vond. Ein lesar i dag kan berre gremme seg over innhaldet, både når det gjeld dei stakkars barna, og dei djupt ulykkelege mødrene, som på toppen av det heile måtte leve med den skamma det var å få eit barn utan å vere gift. Litterært er boka ikkje det store, men forfattaren viser stort engasjement for både dei ulykkelege mødrene og barna deira.

Så det er sagt, også Greta blir «englemakerske». I motsetnad til mange andre blei ho avslørt og deretter halshoggen den 13 mars 1787.

englemakersken.jpg