"De usynlige" er ei gripande forteljing om ein liten familie på den fiktive øya Barrøy ein stad på Helgelandskysten frå ca. 1912/1913 til 1928. Hovudpersonen, Ingrid, møter vi tre år gamal når presten Johannes Malmberget kjem med båt til den vesle familien som er dei einaste innbyggjarane på øya: mamma Maria, pappa Hans, bestefar Martin — og Barbro - systera til Hans, som er litt einfaldig. Pappa Hans er ein driftig kar, mamma Maria er også eit arbeidsjern, i tillegg til å vere MAMMA.

Ingrid står alt som barn fram som ein typisk representant for dei sterke kvinnene i kystdistrikt der kombinasjonen fiskar og bonde var vanleg. Ho må lære seg både kvinne- og mannsarbeid fordi Maria og Hans ikkje får fleire barn. Det er tøffe tak, både fysisk og psykisk. Haust- og vinterstormane rasar med ufatteleg styrke, på den andre sida kan dei korte sommarmånadane med midnattssol vere gode. Etter litt nøling blir det til at Barbro får teneste hos ein velståande familie. Når ho kjem att er ho gravid - med Lars.

Men slitet, det daglege, tunge arbeidet med jorda - og på havet - tar aldri slutt. Det er det utfattige Noreg for på lag 100 år sidan Roy Jacobsen skildrar, så godt at du kan kjenne den iskalde trekken gjennom gisne husveggar når vinterstormane herjar. Så godt at du kan kjenne den lukta av torsk som heng på hjell. Så godt at du ikkje kan la vere å kjenne redsla vaksne og barn kjenner når grov sjø trugar med å kvelve småbåten.

Du treng forresten ikkje lese mange sidene i denne romanen før du kjenner att miljøet i første delen av "Seierherrene", boka frå 1991 som vart det store gjennombrotet for Jacobsen. Det må ligge masse såkalla research i botnen, om daglegliv på ei slik øy, om fiskemetodar, verktøy osv.

Språket er eit kapittel for seg. Dialogane, på friskt og usminka helgelandsdialekt, sit som eit skot. Eg har vore gift med ei helgelandsdame i over 40 år, så det e sagt. Språkbilda er ofte både originale og treffande, som dette: "Presten kommer ilende og blir stående og beundre den hvitkalkede kirka som er kommet til syne som et blekt frimerke under de bratte fjellene der noen siste snøflekker ligner tenner i et råttent gap."

Det er den gnistrande gode forteljaren Jacobsen, meir enn psykologen, som utfaldar seg i denne romanen på 240 sider. Eg hadde ei kjensle av å ha lese ein mykje lenger roman då eg var ferdig med han, det står så ufatteleg mykje mellom linjene. Men, for all del, forfattaren teiknar flotte portrett av personane sine. Barbro, som ikkje er heilt som andre, er kanskje den personen som grip meg mest.

Ein viktig ting heilt til slutt: "De usynlige" kunne lett ha blitt sentimental søtsuppe, men blir det så absolutt ikkje. Det fortel det meste om kva for stor forfattar Roy Jacobsen er.