Ungjenta Julie lever og andar for ballett. Runar er fiskar med eigen sjark. Dei to ungdommane er inderleg forelska i kvarandre, og vil ikkje høyre på åtvarande røyster som seier kombinasjonen ballettdansarinne / fiskar er umuleg. Mens Julie øver frenetisk for å klare opptakingsprøvene til The Royal Ballet School i London, tar ho ein ettermiddag fri for å følgje kjærasten ut på havet. Der går dei i land på eit lite skjer som blir borte under vatn når sjøen flør. Der rullar ein stein over eine foten til Runar – og han kjem ikkje laus, verken på eiga hand eller med hjelp av Julie. Dermed er eit drama på liv og død i full gang – og spenninga berre stig og stig til eit formidabelt klimaks.

På berre vel 100 sider skaper Sund i denne ungdomsromanen to truverdige, svært ulike personlegdomar. Særleg kjem vi under huda på Julie, men Runar – oftast med ein pris snus under overleppa – blir også levande for oss. Med å sette to svært ulike mennesketypar opp mot kvarandre, får forfattaren den svært handlingsfylte og spennande forteljinga til å vibrere litt ekstra. Det politiske har ingen sentral funksjon i romanen, men iblant svingar han pisken over sentraliseringskåte politikarar som trur teknikk og elektronikk kan erstatte menneske når det står om livet langs norskekysten. Når sikker språkføring (nynorsk) kjem i tillegg, er dette ei ungdomsbok som også treffer ein 68-åring rett i solar plexus,