Amund blir Amanda og Amanda blir Amund. Harald Nortun har og tidlegare skrive om barn som kjenner seg annleis enn fleirtalet. I boka Taus skreiv han om ein som ikkje snakkar. I Eksperimentet har hovudkarakteren ein lengt etter å utforske jenta i seg. Men det blir aldri sagt direkte. Forfattaren nyttar i staden handlingar for å vise korleis Amund prøver ut identiteten sin. Vi skjønar og at han kanskje har uavklarte kjensler for ein gut heime.

Nortun skriv knapt og godt og blir aldri freista til å overforklare. Nokre av karakterane blir rett nok litt flate. Men eg trur på hovudpersonen, han er meir kompleks, og forfattaren maktar til ein viss grad å utfordre samfunnets forventningar knytt til kjønn, sjølv om det er eit paradoks at Amund som Amanda glir inn ei tradisjonell jenterolle.

Miljøskildringane trur eg derimot berre delvis på. Det er noko som skurrar når ein av gutane i boka seier at Amund, som han altså trur er ei jente, ikkje får køyre båten, fordi han meiner jenter ikkje kan køyre båt. Liknande eksempel er det fleire av. Er verkeleg ungdomskulturen slik no? Og er uttrykk som gutelus og jentelus i bruk?

Identitet og kjønn er relevante tema for alle som veks opp. Forfattaren knytar bokas drama til om dei to skal bli avslørte eller ikkje, og forviklingane knytast til etterkvart mange forspilte sjansar til å tilstå at dei har ført vener bak lyset. For meg blir den eine situasjonen nokså lik den andre og maktar ikkje drive forteljinga vidare. Og nett det blir bokas svakaste punkt.

Etter mi meining utnyttar ikkje forfattaren konfliktpotensialet i tematikken fullt ut, og eg skulle ønskje han hadde nytta høvet til å utforske kjønnsperspektivet endå meir, ved å gå inn i den erkjenningsprosessen eit byte av identitet vil måtte tvinge fram. Likevel trur eg mange barn vil ha glede av denne boka. For historia Nortun har byrja å fortelje, er interessant. Ho er sympatisk. Og eg vil vite meir.